Tilbyr kansellering etter Vard forseinking
I TYNN TRÅD: Jomfruturen til Hanseatic Nature, som skal starte 13. april, kan bli avlyst. 
Nytt

Tilbyr kansellering etter Vard-forseinking

Hapag-Lloyd Cruises tilbyr gjestane kostnadsfri kansellering på jomfruturen og rabatt på ny tur etter at Vard ikkje kan garantere at cruiseskipet Hanseatic Nature blir levert i tide.

14.03.2019
Det skriv kommunikasjonssjef Moritz Krause i Hapag-Lloyd Cruises i ein epost til NETT NO.
Hanseatic Nature er det første av tre cruiseskip som Vard byggjer for det tyske cruisereiarlaget.
Planene var å gjennomføre ein dåpsseremoni for skipet i Hamburg 12. april, før skipet skulle legge ut på sin første tur dagen etter.

Avlyst seremoni

Dåpseremonien er avlyst for å spare tid, som heller skal brukast til å forsøke å gjere skipet klart til første tur dagen etter, i følgje Krause.
Men å bli ferdig i tide er utfordrande, understrekar han. Det er grunnen til at dei som har bestilt reise på første tur, eit 13-dagars cruise frå Hamburg til Lisboa, får tilbod om å avbestille turen og få pengane att.
I tillegg vil dei som avbestiller få tilbod om å kjøpe eit nytt cruise for halv pris innan september 2021.

Milliardskip

Prisen på skipa har ikkje vore oppgitt, men NETT NO har tidlegare anslått at dei kostar rundt ein milliard kroner kvar.
Skipa er 138 meter lange og 22 meter breie, med plass til 240 passasjerar fordelt på 120 lugarar. Skipa er mellom anna utrusta for å gå i farty med is i sjøen.

Publisert: 14.03.2019 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32