Tilbake i solid pluss
FERJELEIEHOTELL: Sunde Fjord Hotel ligg ved Solavågen ferjekai på sambandet Solavågen-Festøy. Med eitt unntakt har det vore ei overskotsbedrift sidan starten. 
Nytt

Tilbake i solid pluss

Etter unntaksåret 2015 har Sunde Fjordhotel fått lønnsemda tilbake.

22.05.2018
Hotellet ved ferjeleiet Solavågen i Sula kommune har vært ein solid butikk heilt sidan starten, med unntak av 2015, då drifta blei sett ut til andre.
- Vi tok oss ein pensjonistpause etter å ha drive i mange år, men løysinga som vart valt viste seg ikkje å fungere særleg godt, sa Inga Ågotnes. til NETT NO då 2015- reknskapen kom på bordet.
Ho og ektefellen Harald gjorde comeback som drivarar, med godt resultat (sjå tabell).

To millionar i utbytte

I rekordåret 2014 hadde selskapet 5,1 millionar kroner i driftsinntekter og to millionar kroner i overskot før skatt, mykje takka vere mange arbeidarar som budde på hotellet i samband med arbeid i Noreg under oljeboomen.
I fjor løfta inntektene seg nesten til oljeboomnivå, til fem millionar kroner. Lønsemda er ikkje tilbake på nivået før oljeprisfallet, men 0,8 millionar kroner i skatt et likevel eit nivå mange hotelldrivarar ville vere svært nøgd med.
Eigarane tok ut to millionar kroner i utbytte etter 2017.

Publisert: 22.05.2018 13:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22