Tilbake i pluss
OVER KNEIKA: Administrerande Svein Rune Gjerde (til v.) og salssjef Richard Gjerde har lagt bak seg to år i minus. 2018 blei opptur.
Nytt

Tilbake i pluss

Skipsdesignsselskapet Marin Teknikk i Herøy dobla driftsinntektene går med overskot igjen.

31.07.2019
Etter to år på rad med underskot går Marin Teknikk på ny med overskot.
Frå rekordåret 2015, med 194 millionar kroner i driftsinntekter og 54 millionar kroner i resultat før skatt, fall driftsinntektene til 41 millionar kroner i 2017 - og resultatet blei minus 6,1 millionar. Selskapet nedbemanna, både i Polen og ved hovudkontoret i Herøy.
Men 2017 blei botnpunktet. I 2018 nesten dobla inntektene seg (sjå tabell) og i Polen i dag er bemanninga omlag like stor som før nedturen.

Greit

- Det ser greit ut, seier dagleg leiar og medeigar Svein Rune Gjerde om 2019. Lenger vil han ikkje strekke seg, det er for tidleg å anslå offentleg noko om korleis 2019 vil ende.
Marin Teknikk er eigd av Marin Group.
Marin Group er eigd 55 prosent av Svein Rune Gjerde. Myrthle Jorunn Gjerde, Dagrun Wiik Gjerde og Richard K. Gjerde eig 15 prosent av aksjane kvar.

Gruvedrift, fisk og yacht

Etter offshoreboomen tørka vekk har Marin Teknikk snudd seg mot nye marknadar. Nett no arbeider Marin Teknikk med fiskebåtar, båtar for gruvedrift på havbotnen og fiskefarty.
Selskapet arbeider også med å skaffe seg nye oppdrag for bygging av fleire fiskebåtar, gruvebåtar og fiskebåtar, i følgje Gjerde.

Publisert: 31.07.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38