Til Ulsteinvik for aa dele erfaringar
KONFERANSE: 120 deltakarar frå norske maritime eksportbedrifter kjem til Ulsteinvik for å dele erfaringar, her frå ei tidlegare konferanse.
Nytt

Til Ulsteinvik for å dele erfaringar

Rekordstor påmelding til Erfaringskonferansen i Ulsteinvik. 

17.01.2020
120 er påmelde til Erfaringskonferanse i Ulsteinvik 21. og 22. januar.
Dagleg leiar Erlend Prytz seier at dette er er ny rekord sidan han kom med i organisasjonen i 2015.
- Eg trur grunnen til dette er eit svært godt program, der vi dei siste to åra har hatt ein programkomité som hjelper oss å skru saman programmet. Det har løfta innhaldet.

Merkevarebygging

Norske Maritime Eksportører fungerer som ei lenke mellom norsk maritim eksportindustri og den globale marknaden.
Årets hovudtema er merkevarebygging.
- Vi har mange kjende namn på lista som blant andre Marianne Strand fra Ekornes, Oscar Kipperberg frå Innovasjon Norge, Helen Werp fra SoYou Media og Bente Sollied Storhaug fra Digital Hverdag.
- Konferansen vert opna av Else-May Botten Norderhus i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, seier Prytz.

Deler suksesshistorier

Han opplyser at det er første gongen konferansen er lagt til Ulsteinvik.
- Historisk har konferansen blitt arrangert annankvart år på land og annankvart år på enten DFDS eller Color Line.
Prytz opplyser at under årets konferanse er det ein eigen post der medlemane deler erfaringar, kalla «Suksesshistorier fra egne rekker».
Her vert det blant anna suksesshistorier frå Ekornes, Sperre Industri og Kongsberg Maritime.
På konferansen skal det også delast ut ein pris til ein person som på ein ekstraordinær måte har bidratt til utviklinga av norsk maritim industri.

Publisert: 17.01.2020 13:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50