Til A Alesund for daap og open baat
NYBYGG: Nye Strand senior passerer under Karmsundbrua ved Haugesund. Nyebåten er framme i Ålesund onsdag kveld.
Nytt

Til Ålesund for dåp og open båt

Her passerer nye Strand senior under Karmsundbrua på veg til dåp og folkefest i Ålesund.

05.03.2019
- Dåpen vert fredag 8. mars på Strand-kaia ved Steinvågsundet, medan det er open båt laurdag frå klokka 12 til 15.
- Vi håper mange har lyst å sjå på nyebåten.
Det seier dagleg leiar Janne Grethe Strand Aasnæs i Strand-reiarlaget.

Kvinnestyrt

Dåpen vert ekstra spennande for dottera Nikoline Aasnæs på 21 år, som skal vere gudmor.
Det passar elles godt med dåp 8. mars med eit kvinnedominert reiarlag. Blant anna er alle i styret for Strand senior kvinner.
Nye Strand Senior er på veg nordover frå Karstensens Skibsværft i Skagen.
- Vi er veldig godt fornøgd med jobben Karstensens har gjort, seier Strand Aasnæs.
- Karstensens har stått for både design og bygging.

Fort ut på kolmula

Nyebåten er ein 75 meter lang kombinert snurpar og trålar, og skal erstatte gamle Strand senior frå 1999.

Strand Aasnæs seier at det neste veke vert prøvefiske, og så vert det rett vestover på kolmulefiske.
- Ja, vi satsar på at dette også vil skje alt neste veke.
Vi er veldig godt fornøgd med jobben Karstensens har gjort

Publisert: 05.03.2019 16:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32