Tidshorisonten er ikkje i dag og i morgon
ULSTEIN: Gunvor og Tore Ulstein tok i møt næringsminister Iselin Nybø på verftet torsdag. 
Nytt

– Tidshorisonten er ikkje i dag og i morgon

Næringsministeren kom ikkje med nye tiltak, men ei kontantstøtteordning som treffer maritim næring skal vere mellom dei mest aktuelle. 

Marius Rosbach
01.10.2020
Næringsministeren Iselin Nybø er torsdag på besøk på Hareidlandet for å møte maritime bedrifter på begge sidar av øya. Først gjekk turen til Ulsteinvik der ho møtte leiinga i Ulstein Group.
– Det er veldig bra at næringa her er konkrete på kva dei vil ha, sa næringsministeren etter å ha blitt vist rundt på verftet, og høyrt Gunvor og Tore Ulstein snakke på inn- og utpust om korleis dei opplever situasjonen.
Nybø møter ei maritim næring som ventar meir krisehjelp – helst så raskt som mogleg. Få var imponert over det som blei lagt på bordet då statsråden besøkte Vard Langsten-verftet tidlegare i år.
Næringsministeren ville ikkje vere konkret på kva innspel ho vil jobbe for å få inn i komande budsjett. Etter det NETT NO forstår, er ei kompensasjonsordning som i større grad treffer den maritime næring, mellom dei mest aktuelle tiltaka.
Det dreiar seg mellom anna om at mange maritime bedrifter har underskott, og difor ikkje kjem med i ordninga.

Vil først sjå om tiltaka treffer

Etter runden med Ulstein fortalde Nybø at ho har oppfatta at næringa ønsker hjelp til å behalde kompetansen, til å betre likviditeten og hjelp til å sikre meir aktivitet. Statsråden hadde likevel ikkje med seg konkrete løfter om nye tiltak torsdag.
– For regjeringa er det ei viktig næring, men tidshorisonten er ikkje i dag og i morgon – men lengre fram, svara Nybø på spørsmål om ho allereie kunne forsikre næringa om at det kom meir krisehjelp.
Ho viste til at ein del av tiltaka som er lagt fram, ikkje har starta å virke enno. Kondemneringsordninga og ny låneordning er mellom slike tiltak:
– Vi må følgje med på om vi treffer på dei tiltaka vi allereie har sett i verk, la ho til.
Nybø viser til at det i stor grad dreiar seg om at reiarlaga må ta investeringsavgjersler og det gjer dei ikkje på ei veke.
– Det er ikkje 2020 som er utfordringa, men 2021 og framover, sa ho.

– Handlar i stor grad om å skape ein marknad

Gunvor Ulstein har tidlegare føreslått at det blir laga ei tilskotsordning for å bygge om fleire skip - mellom anna i offshoreflåten – som kan gi ny aktivitet. Det tok ho også opp under besøket torsdag.
– Det er ikkje slik at vi treng mange pengar, men at vi kan nytte kundane sine pengar litt tidlegare enn i dag, sa ho.
– Det handlar i stor grad om å skape ein marknad, la styreleiar Tore Ulstein til.
Ulstein har også føreslått at bedriftene får moglegheit til å nytte fordelen av framførbare underskott allereie i år og neste år - eit forslag .

Fryktar mange arbeidsplassar går tapt

Innspela frå ulike delar av den maritime klynga har vore mange, som å framskunde , ei og ein større pott til ei kondemneringsordning for skip.
Bakteppe er at ein fryktar at tusenvis av arbeidsplassar går tapt i ei næring, som ein venter kan stå for stor verdiskaping i framtida.
I eit nytt innlegg tek Maritimt Forum Nordvest til orde for å forlenge krisetiltaka i refusjonsordninga for norske sjøfolk, i tillegg til at dei vil ha ei kontantstøtteordning tilpassa deira industri – og midlertidige garantiordningar via GIEK som å .

Til Hareidkonferansen

Seinare torsdag besøker næringsministeren i Ulsteinvik og møte ein rekke sentrale maritime bedrifter.
I ettermiddag held ho opningsinnlegget ved , som blir arrangert for første gong.
Til konferansen kjem også Christian Søvik frå Corvus Energy, Jan Emblemsvåg frå NTNU Ålesund, Jan Arild Roppen frå Hellesylt Hydrogen Hub og Runar Debess frå Sparebanken Møre.

Les også:



Synspunkt:


Publisert: 01.10.2020 13:01

Sist oppdatert: 07.04.2021 17:20