Tidlegare Kleven toppar paa verftet
KLEVEN: Tidlegare administrerande direktør Kjetil Bollestad (innfelt t.v.) og finansdirektør Ola Beinnes Fosse er begge observert på Kleven verft dei siste dagane. 
Nytt

Tidlegare Kleven-toppar på verftet

Verftsdirektøren og finansdirektøren som slutta på Kleven for kort tid sidan, var begge på verftet torsdag.

Marius Rosbach
09.07.2020
Bustyrar Bjørn Åge Hamre etter Kleven-konkursen framleis på spreng for å finne ut korleis ein kan få vidare drift ved verftet – som har vore førsteprioritet sidan bustyrar kom til verftet saman med teamet sitt.
Det var ikkje meldt om noko løysing i jakta på ny eigar av Kleven-verftet ved 11.30-tida torsdag.

Siste:


Bollestad og Fosse på verftet

Samtidig observerte NETT NO begge dei to tidlegare Kleven-toppane, Kjetil Bollestad og Ola Beinnes Fosse, på verftet torsdag.
NETT NO møtte tidlegare finansdirektør Fosse då han var på veg inn, men nan avslo å stille til intervju eller kommentere kvifor han er der.
Fosse . Han var saman med verftsdirektør Bollestad, heilt sentral i å lande avtalen med dei kroatiske eigarane. Moldensaren er framleis busett i Ulsteinvik og skulle ut i pappaperm då han slutta.
Også tidlegare verftsdirektør Kjetil Bollestad var torsdag på verftet, og NRK Møre og Romsdal kunne onsdag opplyse at han var observert i løpet av dei siste dagane. Bollestad vil ikkje kommentere årsaka til det overfor NETT NO.
Verftsdirektøren fortalde til NETT NO at han både - etter at Div Group-eigar Tomislav Debeljak fredag 27. juni til kundar, partnarar og kreditorar.

Les også:



Jobba med at tidlegare leiing kunne overta

Om bustyrar ikkje får på plass ein ny eigar, kan ei anna løysing vere at det kjem på plass ei midlertidig leiing som kan drifta verftet ei periode framover.
NETT NO kjenner til at ei av løysingane som låg på bordet då verftet var på jakt etter nye eigarar sist, var at den dåverande leiinga ved verftet overtok drifta ei periode.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre har ikkje vore tilgjengeleg til å svare på spørsmål frå NETT NO torsdag.

Alt om Kleven-dramaet:








Analyse:




Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:


Banksjef i Sparebank 1 SMSN:




Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:







Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:





Publisert: 09.07.2020 12:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59