Tidlegare Google topp med nytt selskap
KONFERANSEDELTAKAR: Torsdag stod Tarjei Vassbotn på scena under Ulsteinkonferansen «The New Normal». 
Nytt

Tidlegare Google-topp med nytt selskap

Tarjei Vassbotn reknast som ein av dei fremste teknologane i landet. No er han i gong med eit nytt prosjekt frå Volda.

Marius Rosbach
25.09.2020

Tarjei Vassbotn har vore profilert som leiar av «internet of things»-avdelinga til Google internasjonalt. Etter å ha jobba i Silicon Valley har han dei siste åra hatt base i Volda der han har jobba med å bygge opp teknologiselskapet Disruptive Technologies.

Torsdag var han mellom deltakarane på Ulsteinkonferansen «The New Normal», der han snakka om heimekontor og fjernarbeid - eller «remote work».

Vil investere kunnskap
No er Vassbotn i gong med å starte opp eit nytt selskap der han vil jobbe frå Volda, i lag med folk andre stader.

– Vi har samla ei gruppe flinke folk som har vore ute ei vinternatt før, seier han.

Voldingen er førebels forsiktig med å vere for detaljert, men seier at dei vil bruke sin samla erfaring og kunnskap - og investere den i teknologiselskap som har potensiale.

Utvikla trådlaus sensor
Vassbotn slutta i Disruptive Technologies i vinter, men er framleis involvert som eigar og gjer arbeid for selskapet innimellom. Teknologiselskapet lagar det som skal vere ein av verdas minste trådlause sensorar, med batterikapasitet på 15 år.

Les også: Stor interesse for liten brikke frå tekno-gründerar

– Vi lanserte produktet tidleg i 2019 og då hadde eg bestemt meg for at eg hadde gjort det arbeidet som eg er god på, seier han.

Vassbotn er nøgd med resultatet dei har jobba fram, men han legg ikkje skjul på at det har teke lengre tid enn venta å få verkeleg fart på salet.

– Vi hadde ein ide om at dette skulle skalere veldig raskt og laga ein fabrikk som kan produsere ein million sensorar i månaden. Så tok det lenger tid før ballen starta å rulle, men no er ting på gong og vi har sikra oss fleire større avtaler i det siste, seier han.

Jobbar med virtuelle gjerde for husdyr
Dei siste månadene har Tarjei Vassbotn vore engasjert i i Nofence – Gjemnes-bedrifta som lagar virtuelle gjerder for husdyr.

– Eg har jobba der i eit halvår og hjelpt til å med å produksjonen på plass, og no har eg gått inn i styret, fortel Vassbotn som sjølv nyttar klave-løysinga på eigne geiter.

Teknologiselskapet har også møtt utfordringar på vegen, og gründer Oscar Hovde Berntsen omtala 2019 som eit «katastrofeår» då han fortalde om bedrifta på NMK mot slutten av fjoråret. No er dei tilbake på sporet og håpar å gå med overskot neste år.

Les også: Vassbotn kom med tre tips til fjernarbeid

Nofence tilbake på sporet etter «katastrofeår»


Vi har samla ei gruppe flinke folk som har vore ute ei vinternatt før

Publisert: 25.09.2020 05:55

Sist oppdatert: 16.01.2022 00:04