Tidewater vil overta Bourbon
OFFSHORE: Bourbon Offshore kan verte amerikansk etter at Tidewater har lagt inn bod, her Bourbon Surf og Bourbon Borgstein under opplag på Eidså.
Nytt

Tidewater vil overta Bourbon

Amerikanske Tidewater er eitt av selskapa som har lagt inn bod på den franske offshoregiganten Bourbon.

12.12.2019
Bourbon Offshore har store økonomiske problem, og treng hjelp for å overleve.
Bourbon har samla ein flåte med 483 skip, og opererer i 47 land.
Blant anna eig det Marseilles-baserte selskapet Herøy-lokaliserte Bourbon Offshore Norway, med .

Tidewater-bod

I ein rettsprosess i handelsdomstolen i Marseilles, har det kome inn fire bod innanfor bodfristen 10. desember.
Ifølgje nettstaden , kjem eitt av boda frå amerikanske Tidewater.
Tidewater eig frå før 220 fartøy etter at selskapet i fjor overtok også selskapet GulfMark.
Ifølgje Riviera Maritime har ikkje Tidewater gitt ytterlegare opplysningar rundt bodet.

Bankar vil overta

Eit anna bod kjem frå Société Phocéenne de Participation (SPP), eit selskap som er eigd av ei gruppe av bankar som sit på 75 prosent av den samla gjelda i Bourbon.
Løysinga denne gruppa foreslår vil føre til at dei vert 100 % eigar av Bourbon Maritime, og vil avliste børsnoterte Bourbon Corporation.
Gjennom gjeldskonvertering og tilførsle av ny kapital, lovar denne gruppa å halde fram arbeidet med den strategiske endringsplanen Bourbon in Motion, ein plan som starta for to år sidan.
Denne planen fokuserer på at digitalisering vil vere ein vesentleg del av drifta. Som følgje av planen har konsernet Bourbon Corporation vorte delt inn i tre frittståande selskap: Bourbon Marine & Logistics, Bourbon Subsea Services og Bourbon Mobility.

Toppsjefen vil kjøpe

Eit tredje bod har kome frå selskapet JS & Co, som representerer Jacques de Chateauvieux, styreleiar og toppsjef i Bourbon.
Ifølgje Riviera Maritime, er dette bodet avslått av China's ICBC Financial Leasing, som støttar bodet frå gruppen av bankar.
Det fjerde bodet har kome frå det franske selskapet Peschaud.
Det er forventa ei avklaring innan 23. desember.

- Fullstendige tap

Riviera Maritime opplyser at toppsjef Jacques de Chateauviex åtvara retten med å gi SPP-gruppa tilslaget.
- Dette vil føre til lividering av det børsnoterte selskapet Bourbon Corporation og fullstendige tap for aksjonærar og obligasjonseigarar.
- Dette vil gjere Bourbon Maritime sine nye aksjeeigarar ansvarlege for å byggje opp att eit fransk selskap som framleis er verdsleiande i marine tenester innanfor olje og gass.
Bourbon Offshore Norway hadde i 2018 inntekter på 650 millionar kroner og eit resultat før skatt på minus 665 millionar etter store avskrivingar.

Publisert: 12.12.2019 09:14

Sist oppdatert: 17.03.2021 10:37