Ti dagar i retten om Torbas
KORTVARIG INVESTERING: Då fiskebåtreiarlaget Torbas fekk overlevert nybygget "Torbas" i januar 2015 var planen å samle ei større kvote på båten og drive reiarlaget med ein båt. 
Nytt

Ti dagar i retten om Torbas

Sogn og Fjordane Tingrett har sett av ti dagar i april til striden mellom eigarane av fiskebåtreiarlaget Torbas.

07.12.2017
Tore Lyng vil ut av selskapet, men er ikkje blitt samd med broren Agnar og partnarane Per Jan og Sigmund Magnus Kvalsvik om prisen på aksjane.
NETT NO skreiv i sommar at verdien av kvotane i Torbas er i nærleiken av ein halv milliard kroner. Det er ei vurdering basert på kva kvotar er omsett for i marknaden.

Korleis retten ser på saka kan vere avklart før sommarferien 2018.

Ti dagar i april

Retten har sett av ti dagar til saka, fordelt over tre veker. Rettsaka startar 11. april og skal vere ferdig 27. april.
Tore Lyng eig 39,96 prosent av Torbas gjennom selskapet Mateo. Advokat for Mateo er Morten Pind, partnar i advokatfirmaet Hammervoll Pind.
Agnar Lyng eig 39,96 prosent av Torbas gjennom selskapet Sirean. Han og Kvalsvik-familien er representert i retten ved senioradvokat Richard Bjerk og partnar Dag Steinfeld i advokatfirmaet Wikborg Rein.
Når dommen fell har striden pågått i over eitt og eit halvt år.
- Vi byrja med dette her i fjor haust og vi er ikkje blitt einige enno, sa Agnar Lyng til NETT NO i juni i år.

Kjøpte og selde

I 2015 fekk selskapet Torbas as overlevert den kombinerte ringnotsnurparen og pelagiske trålaren "Torbas" til 200 millionar kroner.
Vinteren 2017 vart fartyet - men ikkje kvotane - seld til Færøyane.
I september i år kjøpte Torbas det 1996-bygde ringnotfartyet "Nordsjøbas" frå Fosnavaag Havfiske og døypte det om til "Andrea L". Prisen er registrert til knappe 40 millionar kroner.

Publisert: 07.12.2017 10:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16