Thon er interessert i Ikea tomta paa Moa
NABOTOMTA: Tomta der Ikea hadde planar om å etablere seg, ligg rett nord for Amfi Moa der Olav Thon Gruppen nettopp er ferdig med å bygge ut ein ny del av kjøpesenteret. 
Nytt

Thon er interessert i «Ikea-tomta» på Moa

Ikea vil likevel ikkje ha tomta - og kommunen vil truleg selje. 

Marius Rosbach
26.02.2019
Direktør for kjøpesenterutvikling i Olav Thon Gruppen, Torbjørn Torske, trur dei vil sjå nærare på moglegheitene for å sikre seg tomta på Moa, som .

– Ja, om kommunen er interessert i å selje, kan det vere aktuelt for oss å vurdere eit kjøp, seier han til NETT NO.
Tysdag kunngjorde Ikea Norge at dei likevel ikkje skal bygge varehus her, og planlegg å selje tomta. Den kring 38 mål store tomta ligg inntil Amfi Moa i retning Breivika, og kan vere ei naturleg retning for Thon-kjøpesenteret å utvikle seg på sikt.

Les også:




Thon-direktør Torske påpeiker at dette ikkje har vore diskutert den seinare tida, og at dei i tilfelle må handsame det i konsernet før ein kan seie sikkert korleis dei stiller seg.
– Vi vil alltid vere interessert i å kjøpe tomter rundt våre eigne sentre for å sikre oss. Men vi har ikkje sjekka denne tomta nærare i det siste, seier han.

Nettopp ferdig med utbygging

Samstundes har Amfi Moa nettopp gjort seg ferdige med ei større utbygging. Det gjer at dei ikkje har nokon planar om vidare utviding i nær framtid.
– Eg kan ikkje på ståande fot seie korleis vi ville nytta ei slik tomt, men det er varehandel som er naturleg, seier han.
Til saman kring 30 nye butikkar vil vere på plass ved kjøpesenteret når alt er på plass til sommaren. Odeon-kinoen med sine seks salar har allereie vore ein suksess og . Fleire nye spisestader har også kome til.

«Trist» at Ikea ikkje kjem

Senterleiar Anne Mari Rødal Kleppe ved Amfi Moa seier til NETT NO at ho gjerne ville hatt Ikea som nabo.
– Ja, det var litt trist og eg håpte dei skulle kome. Samstundes vart eg ikkje overraska med dei signala som har vore gitt i det siste, seier ho.
Kleppe ser føre seg at handel eller bustader er den mest aktuelle bruken for tomta. Ho påpeiker at Thon Gruppen også eig naboeigedomen til Ikea-tomta mot Breivika, der Postterminalen låg tidlegare.
– Etter mitt skjønn er dette ei attraktiv og fint tomt som er sentralt plassert, legg ho til.

Kommunen vil selje

Ordførar Eva Vinje Aurdal var skuffa etter at Ikea tysdag gjekk ut med at dei .
For kommunen sin del kan det likevel ligge ei oppside i at tomta har vorte meir verdt i løpet av desse åra. Ordføraren trur kommunen vil sikre seg eigedomsretten til tomta att.
– Vi har ikkje gjort noko vedtak, men eg er ganske sikker på at kommunen vil kjøpe tomta tilbake. Vi sikra oss godt i kontrakta den gong, men prisen skal indeksregulerast, sa .
Vi vil alltid vere interessert i å kjøpe tomter rundt våre eigne sentre

Publisert: 26.02.2019 21:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31