Testar automatisk ferjelanding
STORD: Den 20 år gamle bilferja Folgefonn har vorte hybridferje med trådlaus lading og blir no òg den første ferja i verda med automatisk kai-dokking. 
Nytt

Testar automatisk ferjelanding

Til saman tolv gonger har bilferja Folgefonn som den første i verda automatisk klappa til kai i Sunde i Kvinnherad og i Jektevik på Stord.

26.04.2018
NPK: Det skriv avisa Sunnhordland.
Reiarlaget Norled og skipsteknologileverandøren Wärtsilä driv no utprøving av det nye automatiske dokkingssystemet på dei to ferjekaiene i Sunnhordland.
Systemet kan dei likevel ikkje ta i bruk i vanleg trafikk før Sjøfartsdirektoratet har godkjent det. Den godkjenninga kjem over sommaren, håper Wärtsilä.
Autodokkingssystemet gjer at styrmannen rett og slett kan gi frå seg roret og overvaker i staden at landinga går som ho skal. Om ikkje alt er som det skal, er det rom for å gripe inn og overstyre automatikken.

Prøvetur

Torsdag var representantar for Norled og Wärtisilä med på prøvetur over Langenuen for å sjå nyvinninga i praksis.
– No har vi utvikla dette systemet pluss trådlaus lading med induksjon. Dette har ei stor framtid, seier sjefen for marinedivisjonen i Wärtisilä, Roger Holm, til avisa.
Systemet er utvikla av Wärtsilä på Stord og ved avdelinga i San Diego i California.

- Fungerte bra

I Norled var dei ikkje heilt trygge på at automatikken ville fungere i første omgang og valde derfor å gjere dei første testane mot ei tenkt ferjestø på ope hav, fortel teknisk inspektør Geir Haaland i Norled.
– Deretter prøvde vi det på Sunde. Og det fungerte bra, seier Haaland til Sunnhordland.
– Vår oppleving er at det er bra, seier han.

Publisert: 26.04.2018 15:52

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21