Tener paa nytt paa parkering
MÅLØY: I Måløy er det 554 avgiftsbelagde parkeringsplassar. Etter tre år med tap, tente Vågsøy Parkering i fjor litt pengar.
Nytt

Tener på nytt på parkering

Etter å ha tapt pengar i tre år, gjekk Vågsøy kommune i fjor i pluss på sitt parkeringsselskap.

22.06.2017
Selskapet Vågsøy parkering er eit heileigd selskap av Vågsøy kommune. Selskapet både oppfører og driftar parkeringsplassar i Måløy, i tillegg til å drive parkeringshandtering.
Vågsøy parkering hadde i fjor eit positivt resultat før skatt på 85.000 kroner.
I 2015 var resultatet negativt med minus 385.000 kroner.

Tok grep

Også i 2014 var det raude tal, då med 300.000 kroner, medan selskapet tapte 111.000 kroner i 2013.
Styret har vore lite nøgd med utviklinga, og tok i fjor grep for å snu utviklinga.
Mellom anna vart det tilsett ny dagleg leiar i 40 prosent stilling, i tillegg til at det er tilsett ny parkeringsbetjent.
Grepa har gitt resultat i form av auka inntekter og reduserte kostnader.

554 P-plassar

Vågsøy Parkering vart oppretta i 1989 på bakgrunn av initiativsbrev fra Måløy Handelsforening, som meinte at det måtte innførast parkeringsavgift for å regulere parkeringa i sentrum.
Ifølgje til selskapet er det i Måløy sentrum totalt 859 offentlege parkeringsplassar. 554 av disse er avgiftsbelagde, medan dei resterande 305 er avgiftsfrie parkeringsplassar.
Det er i gate 1 og 2 - dei to nedste gatene - at ein i stor grad må betale for å parkere.

Publisert: 22.06.2017 10:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11