Tener godt paa svak norsk krone
HAREID: Rekordomsetning for Libra-Plast i fjor. Dagleg leiar Einar Pieroth (innfelt) rosar dei tilsette og trur på vidare vekst.
Nytt

Tener godt på svak norsk krone

Hareid-baserte Libra-Plast sette omsetningsrekord i sitt 64. driftsår. 

17.07.2019
- Vi er godt fornøgde med fjoråret, og det ser bra ut også i år. Truleg klarer vi å auke omsetninga endå meir.
Det seier dagleg leiar Einar Pieroth i Libra-Plast.
Totalt omsette Hareid-selskapet i fjor for 150,8 millionar kroner, noko som er ny rekord.
Resultatet før skatt enda på 19,6 millionar kroner, mot 6,0 millionar året før.

Europas største

Selskapet har blitt Eurpas største leverandør av utvendige dører og luker til skip.
Pieroth opplyser at 75 prosent av salet går til utlandet, og den svake norske krona mot US dollar og Euro bidreg sterkt til det gode resultatet.
Hareid-selskapet har bygt opp eigne produksjonsselskap i Latvia og Vietnam.

Lønsam Latvia-produksjon

Spesielt Latvia-selskapet i Saldus gjorde det godt i fjor, med eit resultat på 8,2 millionar kroner.
Men også Vietnam-satsinga gjekk i pluss, og Pieroth seier at for selskapet har det vore viktig å lukkast å byggje opp effektive produksjonsanlegg i Latvia og Vietnam.
- Det er viktig å kome nær marknaden, og etableringa i Vietnam var eit bevisst val for å nærme oss den asiatiske marknaden.
- Samstundes gjer vi alt komposittarbeidet på Hareid, og kjem til å halde fram med det, seier Pieroth.

Stort USA-sal

Han opplyser at selskapet sel mykje dører og luker til USA.
- Dei bygger blant anna hurtiggåande katamaranar, og har fått augene opp for våre lettvektsdører som er eineståande med omsyn til lav vekt og vedlikehald.
Det hjelper også på at det har kome nye brannforskrifter for luker, slik at mange må skifte desse ut.
- Salet på luker har auka siste åra, seier Pieroth.
Totalt er det rundt 75 tilsette i konsernet, der knappe 30 arbeider på Hareid.
- Her har vi nyleg tilett ein produktutviklar og ein innkjøpar, seier Pieroth.

Høg anisiennitet

Han rosar dei tilsette.
- Vi har ein stab av dyktige og lojale tilsette. Faktisk er gjennomsnitleg ansiennitet av dei tilsette på Hareid heile 18 år.
- Vi har hatt mange gode år, og vi er godt rusta for framtida, seier Pieroth.
Hovedaksjonær er Arne Lillebø og familien med 88,1 prosent. Dagleg leiar Einar Pieroth eig 7,9 prosent, medan Per Grimstad og Armand Nystad eig to prosent kvar.
Vi har hatt mange gode år, og vi er godt rusta for framtida

Publisert: 17.07.2019 05:56

Sist oppdatert: 14.05.2021 14:36