Tek PSV ut av opplag etter 3 5 aar
OFFSHORE: Håvard Ulstein tar PSV-en island Duke ut av opplag etter 3,5 år. Ikkje minst gledeleg for banken, som no får betalt renter, seier han.
Nytt

Tek PSV ut av opplag etter 3,5 år

- Dette er ikkje minst gledeleg for banken, seier Håvard Ulstein.

09.01.2019
20. mai 2015 vart forsyningsskipet Island Duke lagt i opplag ved Island Offshore-hovudkontoret i Ulsteinvik.
I dag vart skipet taua derifrå av slepebåten Hunter.
- Vi har fått eit toårs oppdrag med ein kunde vi ikkje kan opplyse namnet på.
- Det er ein norsk aktør, men oppdraget er i utlandet, seier Håvard Ulstein. til NETT NO.

- Får dekt rentene

Han seier at vilkåra var så pass gode at ein valgte å ta båten ut av opplag.
- Det er sjølvsagt gledeleg å få båten frå kai, men det er likevel ingen kontraktar i dagens situasjon som er gode.
- Dette er ikkje minst gledeleg for banken, som får dekt rentene, seier Ulstein.
Båten er no på veg til dokking for den nye kunden.
- Eg kan heller ikkje seie kvar det skjer, seier Ulstein.
Kunden vil sjølv syte for mannskap.

Vard-bygd

Island Duke vart overlevert til Island Offshore frå Vard Brevik i juli 2013.
Skipet er 84,45 meter langt, 17 meter breidt og har eit dekksareal på 800 kvadratmeter.
Island Duke er innreidd for 26 personar.

Publisert: 09.01.2019 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30