Tek PSV ut av opplag
ARBEID: Havila Shipping tek Havila Borg ut av opplag.
Nytt

Tek PSV ut av opplag

Havila Shipping tek forsyningsskipet Havila Borg ut av opplag. Njål Sævik ser litt lysning.

19.04.2018
- Ja, det ser litt betre ut no. Det er difor vi tek skipet ut av opplag, seier Havila Shipping-direktør Njål Sævik.
Han trur uansett det vil ta tid før fleire skip vert sette i arbeid.
- Marknaden er framleis ikkje friskmeld, og det kostar i tillegg å ta skip ut. Ofte må ein gjennom omfattande klassing. Vi slepp full klassing med Havila Borg, men båten skal i dokk.

Treng sjøfolk

Havila Borg vert tatt ut av opplag etter selskapet har inngått kontrakt med Total E&P.
Kontrakten er på tre månader med ein opsjonsperiode på inntil 30 dagar.
Kontrakten kan føre til at Havila Shipping vil tilsetje fleire sjøfolk.
- Innleige kan også verte aktuelt, seier Sævik

Havila Aurora

Kontrakten gjeld to fartøy. I tillegg til Havila Borg, skal også PSV-en Havila Aurora inn i kontrakten med Total.
Oppstart for begge skipa er i mai.
Havila Borg har sidan november 2017 lege i opplag ved Westcon sitt anlegg på Moltustranda, medan Havila Aurora operer i spotmarknaden i Nordsjøen.
Med Havila Borg i arbeid, har Havila Shipping att fire skip i opplag, pluss ein eldre skip som er til sals.

Publisert: 19.04.2018 08:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21