Teige bygger nytt i Tyrkia
Nytt

Teige bygger nytt i Tyrkia

Byggjer nytt fiskefartøy på 86 meter og sel MS Leikvin til Hordaland.

Marius Rosbach
06.09.2019
Teige Rederi i Herøy skal bygge ny fiskebåt i Tyrkia og reiarlaget inngjekk avtale med Cemre-verftet fredag.
Fartøyet blir ein kombinert ringnotsnurpar og trålar med ei lengde på 86 meter og breidde på 18 meter, ifølgje ei pressemelding frå Teige.
Samstundes opplyser reiarlaget at MS Leikvin blir selt til H. Østervold i Austevoll. Herøy-selskapet kjøpte ringsnotsnurparen med kvoter frå Drønen Havfiske på slutten av fjoråret.
Det nye fiskefartøyet er designa og utvikla av Salt Ship Design på Stord, og vil få namnet Sunny Lady. Namnet er historisk og arva frå eit LNG-fartøy familien tidlegare har hatt eigarskap i.
Om bord kjem ein LNG-tank på 350 kubikkmeter som skal kombinerast med diesel og ei stor batteripakke.
- Vi ønskjer å drive berekraftig hausting av fisk, og for oss er det viktig å redusere klimaavtrykket i tida framover. Med fokus på effektivitet og miljøtenking vil det nye fiskefartøyet optimaliserast slik at drifta blir så energieffektiv som mogleg, seier fiskebåtreiar Sigurd Teige.

Publisert: 06.09.2019 23:02

Sist oppdatert: 09.03.2021 11:12