Tar denne PSV en ut i spoten
HERØY: Havila Clipper er på nytt klar for arbeid, først for Equinor.
Nytt

Tar denne PSV-en ut i spoten

Mannskapet tilbake på jobb og Havila Clipper på nytt i arbeid frå måndag.

15.03.2019
Havila-skipet har lege i opplag sidan januar.
- Det var planen å kome i gang att i løpet av mars, seier Havila-direktør Njål Sævik.
Mannskapet har vore permitterte, men er no tilbake i arbeid.
Havila Clipper skal ut i spotmarknaden, men startar med tre veker oppdrag for Equinor med Mongstad som base.

Greie PSV-rater

I tillegg er det opsjonar på inntil 21 dagar.
Sævik seier at ratene har vore greie for PSV-ar.
- Ja, her har det ikkje vore så aller verst siste vekene.

Lave AHTS-rater

Havila Shipping har tre ankerhandterarar i opplag.
- Det er ingen planar om å ta desse ut, slik situasjonen er no.
- Her er ratene framleis svært lave, seier Njål Sævik.
Havila Clipper vart overlevert frå Fjellstrand i 2011.
Båten er 80,4 meter lang, 17,6 meter brei og har eit dekk på 800 kvadratmeter.

Publisert: 15.03.2019 08:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32