Tapte stort paa Tyrkia skrog
DÅRLIGE ERFARINGAR: Rolf Fiskerstrand sette strek for vidare skrogbygging i Tyrkia i vår. No kjem tala som forklarar kvifor.
Nytt

Tapte stort på Tyrkia-skrog

Tre skrog frå Tyrkia kosta dyrt for Fiskerstrand-konsernet.

15.11.2017
Fiskerstrand Holding gikk med 46,9 millionar kroner i underskot i 2016, og morselskapet gjekk mellom anna inn med 15 millionar kroner i konsernbidrag for å sikre drifta ved verftet.
Pr. første halvår gikk alle datterselskap i konsernet i pluss med "positive og solide resultat", i følgje ei pressemelding.
Men i fjor gjekk det ikkje så bra.

Tap i Tyrkia

- Generelt er vi ikkje heilt fornøgd. Det går på kvalitet og leveringspresisjon, sa konsernsjef Rolf Fiskerstrand i Fiskerstrand Holding til NETT NO i mai, om sine erfaringar med tyrkisk skrogbygging.
Då hadde han allereie seg for å slutte å bygge i Tyrkia, etter 11 skrog, og gå attende til sin gamle samarbeidspartnar i Baltikum.

Tre skrog skapte trøbbel

Det er byggenummer 81, 82 og 83 - to brønnbåtskrog og eitt ferjeskrog - som skapte problem. Ikkje berre blei dei dyrare enn planlagt, men dei blei og levert for seint.
Forseinkingane skapte ringverknadar som forplanta seg til andre prosjekt, blant anna vedlikehald og reparasjoppsdrag som er viktig for verftet.
Fiskerstrand Holding har til saman 187 tilsette, fordelt på verftet i Sula og designselskapet Multi Maritime i Førde. Konsernet har og eit eigedomsselskap.
Fiskerstrand-konsernet blei omorganisert i 2015/2016. Konsernreknskapet for 2016 er det første for selskapet i si noverande organisering.

Publisert: 15.11.2017 13:24

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15