Tapte paa aksjar i fjor
TUNGT ÅR: Eit tungt år for Brattvaag Electro var mellom årsakene til tapa for Leif-Arne Langøy (innfelt) i fjor. 
Nytt

Tapte på aksjar i fjor

Tap på aksjar og på eigarskapen i Brattvaag Electro bidrog til at Leif-Arne Langøy sitt investeringsselskap Lapas gjekk på ein liten smell.

15.07.2019
Brattvåg-selskapet hadde eit resultat før skatt på minus 7,8 millionar kroner, mot pluss 36,3 millionar kroner i fjor.
For fjoråret vert det dermed ikkje utbyte på Langøy, mot eit utbyte på åtte millionar året før.
Dette går fram av årsmeldinga for Lapas.

Ny eigenkapital

Den tidlegare konsernsjefen i Aker hadde eit dårleg år på børsen, der verdien på portefølgjen vart redusert med 16 millionar kroner.
Tap vart det også på Brattvaag Electro, som i fjor hadde eit resultat før skatt på minus 10 millionar kroner. Her eig Langøy 50 prosent, det same eig Midvest I Fondene.
Eigarane måtte i mars i år inn med 6,9 millionar kroner i ny eigenkapital ettersom selskapet var i brot med lånevilkåra.

Les også:


Fleire i pluss

Derimot gjekk det betre på fleire av dei andre investeringane.
Det Molde-baserte reiarlaget FSV Group gjekk 48 millionar kroner i pluss. Her eig Langøy 23,5 prosent.
Plussresultat med 5,0 millionar kroner vart det også på Ålesund sentrumsbygg, der Langøy eig 26,5 prosent gjennom Lapas.
Også Brattvåg-baserte InPower Invest hadde eit bra år, med 5,2 milliuonar kroner i pluss. Her eig Langøy 29,5 prosent.
Lapas har ein samla eigenkapital på 350 millionar kroner.

Publisert: 15.07.2019 08:40

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37