Tapte kampen om Istad kontroll
ENERGI: Tussa og konsernsjef Elling Dybdal mislukkast med å skaffe seg aksjemajoriteten i Istad, men håper framleis på tett samarbeid.
Nytt

Tapte kampen om Istad-kontroll

Tussa forsøkte, men i staden sikrar Molde kommune seg kontrollen over Istad Kraft. Tussa-sjefen håper på tett samarbeid.

19.11.2019
- Det hastar å skape ei slagkraftig energieining i Møre og Romsdal. Om vi ikkje får det til, vil vi fort verte spist opp av store aktørar frå sør, nord eller aust.
- No håper eg vi kan få til godt samarbeid mellom aksjonærar og selskap, seier Tussa-sjef Elling Dybdal.
Tussa eig i dag 36 prosent av energiselskapet Istad, og forsøkte å få kontroll over Istad ved å leggje inn bod på alle aksjane i selskapet Moldekraft, som sat på 17 prosent.
Kjøpssummen for aksjeposten var på 137 millionar kroner.

Samrøystes akseptert

Men i staden har Molde kommune kjøpt aksjane til Moldekraft, og kommunen sikrar seg dermed 51 prosent av aksjane i Istad Kraft. Kommunen hadde forkjøpsrett til aksjeposten.
opplyser at saka vart behandla bak lukka dører i kommunestyret i Molde sist torsdag. Fredag kom kommunen med eit bod, eit bod som vart samrøystes akseptert av aksjonærane i Moldekraft.
Også Tussa aksepterte bodet.

- Venlegsinna tilbod

Elling Dybdal seier at ein no har ein meir oversiktleg eigarskapssituasjon i Istad ettersom ein no berre har Molde kommune å forhalde seg til, og ikkje både kommunen og Moldekraft som samarbeidande partar.
Han seier også at det var eit venlegsinna tilbod Tussa kom med.
- Vi responderte på eit utspel frå forhandlingsutvalet i Moldekraft. Dette var slett ikkje noko aggressivt trekk frå vår side.

- Må samarbeide

Dybdal seier likevel at det må på plass strukturar som sikrar nok tilgang på kapital og kompetanse for å oppretthalde målet om å ha eit slagkraftig energiselskap i Møre og Romsdal.
- Eg meiner så absolutt at Møre og Romsdal bør ha ein stor energiaktør, og då må vi samarbeide for å få dette til.
Styreleiar Johan Sættem i Moldekraft seier til Romsdals Budstikke at det er viktig for Molde kommune å ha styring i store og viktige bedrifter i lokalmiljøet.
"Istad er jo en kjent merkevare i Molde, og jeg synes det er viktig at den fortsatt styres fra Molde og har lokalt eierskap. Det handler om lokalpatriotisme, og Molde har vært heldig som har mange store og dyktige bedrifter som er lokalt eid. Det skaper også et lokalt samhold i næringslivet som er viktig", seier Sættem til avisa.

Publisert: 19.11.2019 13:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45