Tapte erstatningssak
1,5 MILLIONAR: Fiskesvindelsaka har kosta Scan Prod rundt 1,5 millionar kroner, som mellom anna har dekt advokatutgifter og innleige av privatetterforskar.
Nytt

Tapte erstatningssak

Scan Prod på Valderøya kravde 9,7 millionar i erstatning etter tjuveri, men fekk berre 141.825 kroner.

23.06.2017
Klippfisk- og saltfiskprodusenten Scan Prod vann ikkje fram i erstatningsaka mot tre personar som er er dømt for heleri av fisk i Frostating lagmannsrett. Selskapet meinte fisk for 9,7 millionar kroner vart stole frå bedrifta og at det er dei tiltalte som er ansvarleg, men det er finn ikkje retten bevist.
Dei tre er dømt til å erstatte fem pallar med fisk, og erstatningsbeløpet er 141.825 kroner.
- Dei er skuffa over utfallet, seier Scan Prod sin prosessfullmektig, Maria Kvalen. Ho og klienten vil studerer dommen og vurdere kva dei skal gjere vidare.

Redusert straff

Erstatningssak vart ført som ein del av ankebehandlinga av ei straffesak mot tre menn som sto tiltalt for ulovleg handel med fisk, ein av dei dagleg leiar i Aalesund Seafood.

Tingretten dømde dei til høvesvis fem og eit halvt, tre (Ålesund Seafood-sjefen) og eitt og eit halvt års fengsel.
Lagmannsretten reduserte straffene med eit halvt år, høvesvis fem, to og eit halvt og eitt års fengsel.

Kosta 1,5 millionar kroner

Scan Prod-medeigar Arild Giske seier selskapet har brukt rundt 1,5 millionar kroner på denne saka. Det har mellom anna gått til å dekke advokatutgifter og privatetterforskar for å kartlegge kva som har skjedd. Ein av dei tiltalte var tilsett i Scan Prod.
Han er svært skuffa over dommen i lagmannsretten.
- Mi anbefaling til folk som blir utsett for tilsvarande ting er å berre lukke augene og la det gå, seier Giske.
Både dommen i straffesaka og erstatningsaka kan ankast til Høgsterett.
Mi anbefaling til folk som blir utsett for tilsvarande ting er å berre lukke augene og la det gå

Publisert: 23.06.2017 14:03

Sist oppdatert: 19.03.2021 14:04