Tapte 70 millionar paa Pelagia strid
EITT UNNTAK: Med unntak av tapet knytt til Nergårdkonsernet kan Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat-konsernet legg fram tal for 2016 som er på line med 2015.
Nytt

Tapte 70 millionar på Pelagia-strid

Nergårdkonsernet si satsing på fiskemjøl- og fiskoljefabrikk ved Måløy blei ei dyr affære for storaksjonæren Norsk Sjømat.

07.08.2017
Fiskeforedlingsselskapet Norsk Sjømat på Stranda hadde eit resultat før skatt som var 72 millionar kroner svakare i 2016 enn i 2015. Det skuldast i all hovudsak investeringa Nergårdkonsernet - der Norsk Sjømat er stor aksjonær - gjorde ved Måløy. Norsk Sjømat Holding bokfører sin andel av tapet Nergårdkonsernet måtte ta.
Konkurrenten Pelagia meinte det var ein konkurransenklausul på eigedomen, som gjorde at Nergård ikkje kunne bygge fabrikk på tomta, og det var retten samd i. Dermed demonterte Nergård heile fabrikken like etter at den var sett i drift. (Les meir om striden mellom Nergård og Pelagia under Relaterte saker)

- Det er ein katastrofe det som har skjedd der, seier dagleg leiar og medeigar Per Magne Grøndahl i Norsk Sjømat.

Kjøpte ut Stang

Etter at striden mellom Nergårdkonsernet og Pelagia var avgjort kjøpte Norsk Sjømat Holding og det islandske fiskerikonsernet Samherji ut Arne Stang frå Nergårdkonsernet.

Før aksjehandelen eigde selskapet Bollagrunn, der Norsk Sjømat er majoritetseigar og Bjarte Tunold minoritetseigar, 41,66 prosent i Nergård.
Resten var eigd av Nergård Invest, der Arne Stang eigde 50,07 prosent og det islandske fiskerikonsernet Samherji 36,14 prosent.
Etter kjøpet er Bollagrunn eigar av 60,1 prosent av aksjane i Nergård og Samherji resten.

På line med fjoråret

Med unntak av investeringa i Vågsøy gjekk 2016 omlag som 2015, seier Grøndahl.
Driftsresultat for konsernet i fjor blei som i 2015 og i år er det god drift i alle deler av konsernet, medrekna Nergård.
Det er ein katastrofe det som har skjedd der

Publisert: 07.08.2017 11:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12