Tapte 100 millionar i tredje kvartal
RESULTAT: Nytt tøft kvartal for Havila Shipping og Njål Sævik, sjølv om selskapet aukar inntektene og gjer det betre på drifta.
Nytt

Tapte 100 millionar i tredje kvartal

Havila Shipping held fram med å tape pengar. I tredje kvartal var resultatet før skatt minus 100 millionar kroner.

29.11.2019
Hittil i år er driftsresultatet minus 167 millionar og resultatet før skatt på minus 335 millionar kroner.
Herøy-selskapet la fram sine , og føyer seg inn i rekka av selskap som framleis taper pengar sjølv om det er fleire teikn til litt forbetra marknad.
Totalt segla flåten inn 211 millionar kroner i kvartalet, opp frå 167 millionar i same kvartal i fjor.
Driftsresultatet vart positivt med 11 millionar kroner, men nye avskrivingar på 81 millionar kroner trekte ned.

4,2 milliardar i gjeld

Selskapet har 23 fartøy som vert opererte frå Fosnavåg, derav seks fartøy for eksterne eigarar. Ved utgangen av kvartalet låg tre ankerhandlarar i opplag.
Flåteutnyttinga i tredje kvartal var på 86 prosent, eksklusiv båtar i opplag.
Selskapet har ei renteberande gjeld på 4213 millionar kroner.
Bokført verdi av flåten er på 2995 millionar kroner.
Selskapet har ein negativ eigenkapital på 962 millionar kroner.

Prøver å halde flåten samla

28. februar 2017 vart det inngått ein restruktureringsavtale som varer fram til 7. november 2020.
Tidlegare i år var det 12 av fartøya som ikkje oppfylte inntektsvilkåra knytt til denne restruktureringsavtalen.
Styret opplyser i rapporten at det vert arbeidd for å finne gode finansielle løysingar, og der målet er å få til løysingar som sikrar at mest muleg av flåten er samla.

Publisert: 29.11.2019 15:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46