Tapsaar etter tvist
VOLDGIFTSAK: Verftet Stadyard og reiarlaget Kenfish II møtes i voldgiftsretten våren 2020 for å avklare oppgjeret etter bygging av denne fiskebåten. (Teikning av fiskebåten, frå pressemeldinga då byggekontrakten blei offentleggjort i 2016.
Nytt

Tapsår etter tvist

Tvist om ein fiskebåt gav millionunderskot for Stadyard i fjor.

25.07.2019
Skipsverftet i Vågsøy og fiskebåtreiarlaget Kenfish II på Averøya er blant anna usamde om pris og vilkår for endringar som vart gjort under bygging av fiskebåten "Fay".

Det stadfestar begge partar.
Båten er teikna av skipsdesignselskapet Seacon i Måløy og blei levert i slutten av november i fjor. Den er no i fiske, men verft og reiarlag er ikkje ferdig med handelen. Neste vår er det sett av to - tre veker til ei voldgiftsak for å avgjere striden.

Gjorde pluss til minus

Administrerande direktør og medeigar Agnar Lyng i Stadyard vil ikkje kommentere kor stor beløp det strides om, ut over å seie at verftet hadde gått i pluss om partane hadde vore samde om betalinga verftet meiner det skal ha.
Reiarlaget sitt krav mot verftet er ikkje bokført i 2018-reknskapen, i følgje årsmeldinga, men ville fått ein "vesentlig effekt på Stadyard AS`regnskap og egenkapital for 2018" i følgje årsmeldinga.
Verftet har heller ikkje bokført eit krav mot ein tredjepart i transaksjonen, som verftet reknar det som sannsynlegvis blir innfridd. Det er snakk om eit "ikke ubetydelig uavklart legitim krav" i følgje årsmeldinga. I følgje Lyng er kravet varsla, men førebels ikkje fremma.

To nybygg i ordre

Stadyard har i dag to nybygg i ordre, der skroget til det første kjem etter sommarferien. Verftet driv og med ombygging og reparasjonar. Selskapet sysselsett 31 årsverk i 2018.
Stadyard blei etablert i 2012 etter at selskapet overtok anlegget etter at verftselskapet Blaalid slo seg konkurs i 2011.

Publisert: 25.07.2019 06:00

Sist oppdatert: 24.02.2021 10:40