Taper paa bygging av Fjord1 ferjer
LEIRVIK: Havyard taper endå meir på bygginga av brønnbåten Ronja Storm (t.h.) til Sølvtrans. Men no viser det seg at selskapet også går med tap på bygginga av fem elferjer (t.v.) til Fjord1.
Nytt

Taper på bygging av Fjord1-ferjer

Havyard er i brot med lånevilkåra og treng hjelp. No taper selskapet også på ferjebygging.

18.11.2019
Herøy-baserte Havyard Group opplyser i måndag at selskapet er i brot med lånevilkåra både når det gjeld arbeidskapital og eigenkapital.
No taper selskapet også pengar på bygginga av fem ferjer til Fjord1 ved Havyard Ship Technology i Leirvik.
For dette selskapet er no eigenkapitalen tapt.

Større brønnbåttap

Tidlegare har selskapet meldt om tap knytt til bygginga av ein fiskebåt til eit fransk reiarlag og til bygginga av brønnbåten Ronja Storm til brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
Ein gjennomgang som konsernstyret og styret i Havyard Ship Technology har iverksett viser at tapa på desse prototypeprosjekta vert endå større enn tidlegare rapportert.

Ferjetap

I tillegg er det etter ein gjenomgang slått fast at verftet går med tap på ytterlegare fem skip. Dette dreier seg om ein serie med ferjer til Fjord1.
Selskapet opplyser no at det er gjennomført møter med bankar og garantistar for å sikre at dei pågåande prosjekta vert gjennomførde.

I tillegg vil ein starte ein dialog med kundar og leverandørar for å sikre utrustning av dei pågåande prosjekta, og finne tilfredstillande løysingar rundt andre prosjekt.

Stoppar gjeldsbetaling

Havyard opplyser at ein ved hjelp av kontantoppgjer eller bankgarantiar vil halde fram arbeidet, men for påløpt gjeld har styret innført betalingsutsetjing.
Styra har også sett i gang eit arbeid for å vurdere konsekvensane av problema ved verftet i Leirvik for heile konsernet.
Styra opplyser at ein held fram arbeidet saman med eksterne rådgivarar, og vil kome med oppdatering om tiltak som vil verte sette i verk så raskt som muleg.
Havyard Group skal 28. november leggje fram tal for tredje kvartal.

Publisert: 18.11.2019 08:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44