Tanberg ut Beinnes Fosse inn
KLEVEN: Ola Beinnes Fosse (t.h.) vart hyrt inn av Åge Remøy (t.v.) som finansdirektør i Rem Maritime. No overtek Beinnes Fosse som ny økonomi- og finansdirektør i Kleven, der Remøy er største enkeltaksjonær.
Nytt

Tanberg ut – Beinnes Fosse inn

Tidlegare Åge Remøy-topp ny økonomi- og finansdirektør i Kleven.

19.04.2018
Den tidlegare finansdirektøren Ola Bennes Fosse i Rem Maritime overtek som økonomi- og finansdirektør i Kleven.
Dette er klart etter at dagens økonomi- og finansdirektør Olav Tanberg har sagt opp stillinga.

Fungerande konsernsjef

Tanberg har sidan 2. februar også fungert som konsernsjef etter at den tidlegare konsernsjefen Ståle Rasmussen slutta. Styret har tilsett Karsten Sævik som ny konsernsjef, men Sævik vil truleg ikkje tiltre før 1. juni.
Styreleiar Leif Teksum i Kleven opplyser til NETT NO at han sjølv ikkje har tatt på seg rolla som arbeidande styreleiar etter at Tanberg har sagt opp.
- Olav Tanberg fungerer framleis som administrerande direktør i Kleven Verft AS og konsernsjef i Kleven-konsernet. Han har rett nok sagt opp sin stilling, men fungerer inntil Karsten Sævik tiltrer.
- Tanberg er såleis øverste leiar i Kleven og underteikna er ordinær styreleiar i konsernet og i Kleven Verft AS.

- Allsidig bakgrunn

Samstundes opplyser Teksum at Ola Beinnes Fosse er innleigd og innehar stillinga som økonomi- og finansdirektør.
- Han vil fortsette i den stillinga etter at Karsten Sævik tiltrer.
- Beinnes Fosse har allsidig bakgrunn frå både bank/finans-bransjen og frå finansfunksjonar i operative shipping og industriselskap, seier Teksum.

Hyrt inn av Åge Remøy

Beinnes Fosse vart i 2016 hyrt inn av Åge Remøy for å lose Rem Maritime gjennom ei krevjande refinansiering. Beinnes Fosse hadde då bakgrunn frå både GIEK og DnB Markets.
Då det meste var på plass, kom Aker og Solstad Offshore på bana, kjøpte seg inn i eitt av obligasjonslåna og pressa fram ein fusjon mellom Solstad og Rem Offshore.
Beinnes Fosse leia innspurten i samanslåingsprosessen etter at først Åge Remøy, og deretter Arild Myrvoll takka for seg.
Men rett før jul i 2016 gjekk også Beinnes Fosse av, og har etterpå vore økonomidirektør i Hunter Group i Oslo.

Hurtigrute-aksjonærar

Men no er Beinnes Fosse tilbake i sunnmørsk næringsliv, i eit konsern som sin tidlegare sjef Åge Remøy eig rundt 20 prosent av. Saman med den svensk-sveitsiske forretningsmannen Magnus Roth investerte Åge Remøy 60 millionar kroner i Kleven under refinansieringa av selskapet. Investeringa vart gjort gjennom In Yard Invest.
Største aksjonærgruppering er derimot alliansen Silk Bidco (15,9 prosent), Strawberry Capital (7,9 prosent) og det britiske investeringsfondet TDR (15,9 prosent) som alle og er på eigarsida i Hurtigruten. Silk Bidco er selskapet som eig Hurtigruten, der TDR er største aksjonær og Petter Stordalen, Trygve Hegnar og leiinga er medeigarar.
Andre aksjonærar er familieselskapet John Kleven, det tyske verftskonsernet Lürssen, Asker- investor Per Lillebø og Hestnes-familien i Bergen gjennom H-Invest.
Leif Teksum overtok som styreleiar i februar i år.

Vil ikkje kommentere økonomien

Teksum var fram til 2014 var ein av toppsjefane i DNB, men er no partner i Vest Corporate Advisors i Bergen.
Med i det nye styret har Teksum tidlegare styreleiar Kjersti Kleven, Henrik A. Christensen, Arild Myrvoll, Anne Kjølseth Ekerholt og Ole-Christian Sandvold. Åge Remøy er vararepresentant.
Til NETT NO seier Teksum at han ikkje vil kommentere den økonomiske utviklinga i selskapet, men vil kome tilbake på det når styret legg fram årsreknskap om rundt ein månad.

Publisert: 19.04.2018 09:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:21