Takksam for jobben bustyraren gjer
PÅ OPPSEIING: HR-direktør Magne Gurskevik ved Kleven Verft er oppsagt på same vis som dei andre tilsette. Men dei er framleis på jobb. 
Nytt

Takksam for jobben bustyraren gjer

HR-direktøren på Kleven rosar arbeidet til bustyraren, men verftsarbeidarane må ta ein dag av gongen.

Marius Rosbach
08.07.2020
Mykje er usikkert om dagen for dei meir enn 400 tilsette i Kleven-selskapa som er råka av konkurs. Tysdag blei det klart at dei tilsette i Kleven Maritime Contracting som ikkje har fått feriepengar og løn ved siste utbetaling, no får det i løpet av få dagar.
– Eg har fått opplyst at dette er godkjent frå Lønnsgarantifondet og samtidig er det kome på plass ein avtale om forskottering av pengane, slik at dei blir utbetalt førstkommande fredag, seier HR-direktør Magne Gurskevik på Kleven til NETT NO.

Les også:


Jobbar på spreng for avklaring

Konkursen i dei tre selskapa , og ble registrert måndag.
Om det ikkje kjem på plass ein ny eigar til verftet, vil truleg konkursbuet få på plass ei midlertidig leiing som vil drifte verftet ein periode framover.
Å få ei avklaring på dette spørsmålet, er noko bustyrar Bjørn Åge Hamre og hans team jobbar på spreng med no.

Nøgd med jobben til bustyrar

HR-direktør Gurskevik er svært nøgd med korleis saka er blitt teke hand om, etter at den erfarne bustyraren kom inn i saka.
– Det som har skjedd etter at bustyrar kom inn, har vore veldig bra. Ikkje minst har dei stått på og jobba iherdig for å løyse dette med utbetaling av lønn. På vegner av dei tilsette, er vi takksame for det, seier han.

Mange spørsmål frå tilsette

Gurskevik fortel at mykje av spørsmåla til no har vore kring desse utbetalingane. Elles er også dei tilsette spørjande kring framtida, og vil gjerne vite kva som skjer vidare.
– Eg kan ikkje gi dei så mange andre svar, enn at vi per no ikkje har oversikt over kva som skjer vidare. Vi veit ikkje om det er arbeid til alle vidare, men inntil vi får noko anna beskjed kjem vi på jobb, seier han.
HR-direktøren har sjølv på same vis som dei andre tilsette, fått si oppseiing, men fungerer framleis i det som truleg er ei høgst tilmålt oppseiingstid.

Vil fullføre pågåande prosjekt

Onsdag føremiddag var det ikkje kome noko vesentleg nytt om buarbeidet. Bustyrar Bjørn Åge Hamre starta arbeidet med konkursen allereie i helga, og kom måndag til verftet med to medarbeidarar. Sidan då har dei hatt møter med både tilsette, kreditorar og andre partar.
Noko av det første bustyrar vil få på plass, er korleis arbeidet med dei to prosjekta – ein fiskebåt til Nordnes og eit offshoreskip til eit kanadisk reiarlag, skal fullførast.
Hamre har tidlegare stadfesta til NETT NO at det er til å ta over verftet.
Tysdag ettermiddag opplyste Hamre at det ikkje var innleia reelle forhandlingar, men at det.

Alt om Kleven-dramaet:






Analyse:




Kleven-tilsette om nytt Div Group-forsøk:


Banksjef i Sparebank 1 SMSN:




Nordnes-reiarlaget bygger på Kleven:





Klubbleiar:








Tillitsvalt:



Verftsdirektøren:




Vi veit ikkje om det er arbeid til alle vidare, men inntil vi får noko anna beskjed kjem vi på jobb

Publisert: 08.07.2020 10:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59