Syr smittevernfrakkar for harde livet
LA OM: Fire saumopertørar hos Sitwell, blant dei Mona Ardes, syr no smittevernfrakkar.
Nytt

Syr smittevernfrakkar for harde livet

Møbelprodusenten Sitwell i Stordal har lagt om til smittevern-produksjon.

25.03.2020
Optikarar, tannlegar, rørleggare, reinhaldarar og kommunar. Alle har kjøpt smittevernfrakkar frå Sitwell i Stordal etter av møbelprodusenten i førre veka varsla på Facebook at selskapet var klar til å produserer smittevernfrakkar.
Så langt har selskapet sendt omlag 200 frakkar ut av dørene, og berre i dag har selskapet seld 50 frakkar til.
- Vi kan lage mange tusen, seier Claus Hoff i Sitwell.

Har stoff og kapasitet

Sitwell har både sykapasitet og stoff som skal til. Mona Ardes (biletet) og tre andre saumopertørar syr no frakkar på heiltid.
Stoffet som blir brukt kjøpte Gunnar Birkevold i Birkevold & Co då Mosjøen Veveri blei avvikla for 10 år sidan og det ligge på lager nettopp i bygget som husar Sitwell i Stordal. Åtte vogntog med ulike typar stoff kjøpte Birkevold, mellom anna det vasstette stoffet Sitwell no syr smittevernfrakkar av.
Stoffet kan vaskast på 90 grader og blir til fleirbruksfrakkar - som var vanleg før eingangsfrakkane tok over.

Mobiliserer næringslivet

Både helsestyresmaktene og NHO har oppmoda bedriftene om å melde inn om dei kan lage smittevernutstyr. Grunnen er mangel på smittevernutstyr.

Responsen har vore så god at mange ikkje har fått melding om dei blir godtatt og kjøpt inn frå sentralt hald enno. Det gjeld også Sitwell, som førebels er registrert, men ventar på tilbakemelding, i følgje Hoff.


Publisert: 25.03.2020 14:42

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55