Synst plast tek for mykje fokus
PLAST: Plastdebatt om bord i ringnotfartøyet Brennholm. Frå venstre journalist Kjersti Sandvik, Fiskeribladet, plastforskar Bjørn Einar Grøsvik, Havforskingsinstituttet, adm. dir. Geir Ove Ystmar, Sjømat Norge og spesialrådgjevar Vidar Helgesen.
Nytt

Synst plast tek for mykje fokus

Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge meiner forsuring og klimaendringar er vel så utfordrande som plastproblem i havet. Han møter motbør.

18.08.2018
- Vi må dimensjonere debatten slik at det ikkje vert skapt unødvendig frykt. Å framstille det som at det er meir plast enn fisk i havet, er negativt for sjømatmarknaden.
Det sa adm. dir. Geir Ove Ystmark under ein debatt i Arendalsuka om bord i ringnotfartøyet Brennholm.
Det var Fiskeribladet som hadde tatt initiativet til debatten om kor farleg plast er for fisk, miljø og helse etter at avisa har hatt ein større artikkelserie om emnet.

Vil ha meir forsking

Ystmark streka under at næringa tek plastproblemet på høgste alvor, der ein arbeider på fleire felt for å redusere plastbruken, mellom gjennom utvikling av nedbrytbare fiskegarn.
- Vi bagatelliserer ikkje problemstillinga, men det er også slik at mykje av plasten vi ser kjem med havstraumane frå Mexicogulfen.
- Før vi gjer dramatiske grep, trengst det meir forsking rundt plastforureining, og ikkje minst finst dei gode løysingane gjennom internasjonale avtalar.
Han etterlyste meir fokus på forsuring og temperaturauken i havet.
- Klimaendringane påvirkar fiskens vandringsmønster, og forsuringa er eit anna problem som kan få store konsekvensar for livet i havet, men vi ser det er mykje vanskelegare å mobilisere mot forsuring enn mot plast.

- Må rydde opp heime

Også statssekretær Roy Angelvik i nærings- og fiskeridepartementet etterlyste meir forsking for å gjere tiltak basert på kunnskap. Han meinte det var viktig å få på plass internasjonale avtalar.
Det var Vidar Helgesen samd i, men han meinte at den norske fiskerinæringa uansett hadde alt å tene på å avslutte plastforsøpling no.
- Det er ingen tvil om at den norske havbruksnæringa har vore ein stor forsøplar. Dersom vi skal ha truverd ute, er vi nøydde til å rydde opp heime.
Den tidlegare klima- og miljøministeren er no norsk representant for det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi.

- Vil ramme omdømet

Helgesen sa at dersom plastforsøplinga held fram, vil det ramme omdømet til sjømatnæringa.
- Problemet er enormt, og det held fram å vekse. Og vi er verkeleg ille ute dersom det viser seg at plastpartiklane i seg sjølv er berarar av giftstoff.
Han var samd i at det trengst internasjonale avtalar, men det burde ikkje hindre tiltak frå næringa.
- Vi må ha ein nullvisjon for plastforsøpling, og vi vert alle vinnarar dersom vi klarer å stoppe plastforsøplinga av havet.

- Avfallsystemet for dårleg

Han sa at avfallssystemet er ei hovedutfordring ettersom mange land har ikkje returordningar.
- Kina har stoppa importen av plast, slik at då vert mykje av plasten eksporter til land i søraust-Asia, der det gjerne ikkje er gode system for å handtere plasten. Dette er ei stor utfordring.
- For Europa sin del, kan ei løysing vere avgift på plast, sa Helgesen.

Isoporkasser

Generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet oppmoda alle aktørar om å ta problemet meir på alvor.
- Vi er ikkje i nærheita av å vere på rett veg. Mengda av plast i havet aukar for kvar dag, og plastindustrien i seg sjølv veks kraftig.
Ho ville ha rask overgang til andre produkt, og stilte også spørsmål om det var rett å transportere fisk i isoporkasser til land som ikkje har innsamlingssystem for handtering av plast.

Verre enn frykta

Plastforskar Bjørn Einar Grøsvik ved Havforskingsinstituttet sa at mykje tyder på at plastproblemet i havet er endå større enn frykta.
- Mellom 5 og 13 millionar tonn plast hamnar i havet kvart år. Sjølv om plasten sakte vert transportert til botnen, vert han tatt opp i næringskjeda undervegs.
Han fortalde at ny forsking tyda på at plastpartiklar lukta som mat etter ei stund i sjøen.
- Fisken og fuglen trur at dette er mat, og difor et plasten.
Ny forsking viser også at det er plast der ein ikkje trudde ein skulle finne det.
- Vi finn no store mengder plast på 2000 meter djup i Grønlandshavet.
- Også i Polisen finn vi høge tal på mikroplast, sa Grøsvik.
Dersom vi skal ha truverd ute, er vi nøydde til å rydde opp heime

Publisert: 18.08.2018 14:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25