Sydvestor tilbake i pluss
TILBAKELAGT STADIUM: Investeringa i og administrasjonen av World Wide Supply blei dyr for Sydvestor. 
Nytt

Sydvestor tilbake i pluss

Etter å ha lagt Word Wide Supply-satsinga bak seg er Sydvestor tilbake i pluss.

16.05.2018
Investeringa i offshoreskipa til World Wide Supply (WWS) tok både overskot og arbeidskapasitet for investering- og forvaltningselskapet Sydvestor i 2015 og 2016.

Sydvestor var forvaltar og investor i World Wide Supply-satsinga, som enda med at dei opprinnelege aksjonærane tapte praktisk talt alt og obligasjonseigarane tok over.

World Wide Supply-investeringa tok også mykje tid, og i 2016 fall driftsinntektene frå 18 til knappe åtte millionar kroner etter at obligasjonseigarane tok over forvaltninga av World Wide Supply.

Auka aktivitet

I 2017 auka driftsinntektene til 21,6 millionar kroner (sjå tabell), som er det høgaste nivået sidan 2013.
Inntektsauken skuldast ein kombinasjon av at Sydvestor er ferdig med WWS-investeringa og av ein auka aktivitet i kjøp og sal av bedrifter, samt prosjekt- og refinansiering der Sydvestor er finansiell rådgivar. Selskapet har og lukkast i å finne nye marknader etter å ha vore retta mot offshore-marknaden fram til oljeprisen fall.
Dagleg leiar Frede Uldbæk i Sydvestor seier omfanget av kjøp, sal og refinansiering av verksemder på Nordvestlandet er på veg opp.
- Det er ein stor andel investorar utanfrå som synest mellomstore bedrifter på Nordvestlandet har eit stort potensiale, seier Uldbæk.

Tilsette eigarar

Rundt 70 prosent av aksjane i Sydvestor er eigd direkte eller indirekte av Frede Uldbæk og andre tilsette i selskapet, Jostein Sætrenes, Sigvald Skeide og Steinar Sivertsen Kulen.
Selskapet hadde seks årsverk ved årskiftet.
Det er ein stor andel investorar utanfrå som synest mellomstore bedrifter på Nordvestlandet har eit stort potensiale

Publisert: 16.05.2018 06:00

Sist oppdatert: 14.02.2022 11:48

Mer om