Sve kallar ferjeforslag fraa Ap for politisk svindel
FERJESTRID: Samferdslepolitikar Frank Sve frå Framstegspartiet i Møre og Romsdal meiner forslaget frå Arbeidarpartiet om kutt i ferjetakstane, ikkje er truverdig. 
Nytt

Sve kallar ferjeforslag frå Ap for politisk svindel

– På ingen måte truverdig, seier Frank Sve (Frp) - men Senterpartiet støttar forslaget.

29.01.2021
(NPK): – Forslaget frå Arbeidarpartiet om halverte ferjetakstar om dei kjem i posisjon etter valet, er på ingen måte truverdig. Eg kallar det politisk svindel, seier samferdslepolitikar Frank Sve frå Framstegspartiet i Møre og Romsdal.
Arbeidarpartiet på ferjer langs heile kysten i komande stortingsperiode. Det vil koste staten 1,3 milliardar kroner ekstra i overføringar til fylkeskommunane.
– Vi har dei siste åra sett for mange døme på at ferjeprisar er eit hinder for folk når det gjeld val av bustad, arbeidsplass og skular for ungane. Sånn kan vi ikkje ha det, seier partileiar Jonas Gahr Støre.
Frank Sve er ikkje nådig i kritikken av forslaget frå Ap. Han viser til at det er fylkeskommunane som er ansvarlege for ferjedrifta.

– Kutt trass overskot

– Arbeidarpartiet har både fylkesordføraren og varaordføraren i Møre og Romsdal, og her steig ferjeprisane med 30 prosent frå nyttår. I tillegg vart det kutta 20 millionar ved å redusere talet på avgangar. Og det skjer medan fylkeskommunen gjekk med 313 millionar kroner i overskot i 2019, seier han.
Han peikar på at fylkeskommunen har vedteke å bruke 150 millionar kroner på operaen i Kristiansund og Bypakke Ålesund, og at dette ikkje ein gong er lovpålagde oppgåver. Og dette blir gjort samstundes med kutt i ferjetilbodet.
– Vi fremja for tre dagar sidan forslag om å kutte ferjetakstane med to takstsoner, noko som ville ha kosta 60 millionar, men vi fekk ikkje fleirtal. Og vil foreslå det igjen, men reknar ikkje med støtte frå dei andre partia, seier Frp-politikaren.
Han kritiserer også Senterpartiet si rolle. Dei gjekk til val på gratis ferjer, og no er dei med på å sende ferjeprisane til himmels, seier han.

Sp støttar forslaget

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland frå Senterpartiet, gjer det klart at han støttar forslaget frå Arbeidarpartiet fullt ut, men berre som ein start, helst vil han ha gratis ferjer.
– Eg meiner det er eit rettferdig krav for kystområda med den verdiskapinga som skjer der. På Austlandet ser vi ei jernbaneutbygging i 100-milliardarklassa utan auka billettprisar, seier han til NPK.
Gratis ferjer vil ha ein kostnad på rundt 3,5 milliardar kroner.
– Fram til 2019 var det balanse i den kompensasjonen fylkeskommunane fekk frå starten for å drive ferjer, men arbeidet med å få til nullutsleppsferjer har gjort det dyrare. Vi har brukt 220 millionar meir enn det vi fekk kompensert, og det går ut over det andre tenestetilbodet, seier Askeland.

– Usikker på realismen

Anne Marie Lund frå Høgre sit i samferdsleutvalet i Rogaland fylkeskommune. Ho er usikker på om forslaget frå Arbeidarpartiet er realistisk, og ho viser til at det er Ap som styrer også Rogaland fylkeskommune.
– Eg ser på dette som eit reint valkamputspel, men vi tek gladeleg mot meir pengar til drift av ferjer og hurtigbåtar, seier ho til NPK.

Les også:




Pendlar med ferje:


(©NPK)

Publisert: 29.01.2021 13:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14