Nytt
Svak vekst for Ekornes
Inntektene til Ekorneskonsernet ligg på same nivå som for fire år sidan.
12.03.2019
- Det er heilt på line med det som var i 2017. Både omsetningsmessig og resultatmessig er det relativt flatt, seier konsernsjef Olav Holst Dyrnes om 2018-reknskapen. (Sjå tabell)
I åra 2015-2018 har driftsinntektene for konsernet svinga minimalt, mellom 3,08 (2017) og 3,17 milliardar kroner (2015).
Ekorneskonsernet blei i fjor eit heileigd selskap under kinesiske Qumei Home Furniture Group. Då bodet frå det kinesiske selskapet kom våren 2018 sa Holst-Dyrnes i ei børsmelding at eit sal til Qumei Home Furniture Group opna for ny vekst for Ekornes.
- Det kjem mange fleire produkt i løpet av året, seier Holst-Dyrnes.
I presentasjonen av Ekornes som er sendt ut i samband med at hovudaksjonæren i selskapet vil ta opp eit obligasjonslån for å refinansiere banklån som blei brukt for å kjøpe ut dei øvrige aksjonærane i fjor, blir det lagt fram optimistiske prognosar for møbelhandelen på verdsbasis, og spesielt i Kina, der Qumei Home Furniture Group har ei rekkje butikkar.
I Europa og Nord-Amerika blir det spådd ein årleg vekst i møbelhandelen på 2,6 prosent fram til 2023.
På verdsbasis er prognosen 5,8 prosent vekst og i Kina 10,9 prosent vekst.
Noreg, sentral- og sør-Europa sto for nesten 40 prosent av inntektene og inntektene der har vore fallande i same periode.
Vekst har det og vore i "andre", marknadar - som mellom anna omfattar Kina. Den kategorien utgjorde 11 prosent av dei totale inntektene i fjor. Det betyr at Ekornes må vinne betydeleg nytt terreng mellom anna i Kina, før det gir monalege utslag i samla inntekter.
I åra 2015-2018 har driftsinntektene for konsernet svinga minimalt, mellom 3,08 (2017) og 3,17 milliardar kroner (2015).
Ekorneskonsernet blei i fjor eit heileigd selskap under kinesiske Qumei Home Furniture Group. Då bodet frå det kinesiske selskapet kom våren 2018 sa Holst-Dyrnes i ei børsmelding at eit sal til Qumei Home Furniture Group opna for ny vekst for Ekornes.
Trur på Kina-vekst
Holst-Dyrnes seier Ekornes skal oppnå vekst gjennom fleire nye produkt frå Stressless-delen av verksemda, og ved å få datterselskapet IMG sine produkt inn i fleire butikkar.- Det kjem mange fleire produkt i løpet av året, seier Holst-Dyrnes.
I presentasjonen av Ekornes som er sendt ut i samband med at hovudaksjonæren i selskapet vil ta opp eit obligasjonslån for å refinansiere banklån som blei brukt for å kjøpe ut dei øvrige aksjonærane i fjor, blir det lagt fram optimistiske prognosar for møbelhandelen på verdsbasis, og spesielt i Kina, der Qumei Home Furniture Group har ei rekkje butikkar.
I Europa og Nord-Amerika blir det spådd ein årleg vekst i møbelhandelen på 2,6 prosent fram til 2023.
På verdsbasis er prognosen 5,8 prosent vekst og i Kina 10,9 prosent vekst.
Nytt terreng
I 2018 sto Mexico, USA og Canada for omlag ein tredjepart av inntektene til Ekornes, og har vore i vekst dei siste fire åra.Noreg, sentral- og sør-Europa sto for nesten 40 prosent av inntektene og inntektene der har vore fallande i same periode.
Vekst har det og vore i "andre", marknadar - som mellom anna omfattar Kina. Den kategorien utgjorde 11 prosent av dei totale inntektene i fjor. Det betyr at Ekornes må vinne betydeleg nytt terreng mellom anna i Kina, før det gir monalege utslag i samla inntekter.
Det er heilt på line med det som var i 2017. Både omsetningsmessig og resultatmessig er det relativt flatt
Publisert: 12.03.2019 14:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32