Nett.no Logo
Mega menyMega meny

NETT.NO Abonnement

Registrér ein konto på vår næringsportal for 129,- pr mnd, og få tilgang på:

  • Unike artiklar om økonomi og næringsliv på Sunnmøre og i Nordfjord, som du ikkje finn i andre publikasjonar!
     
  • Tilgang på tenester som Nytt om Namn, Synspunkt og stilling ledig.
     

Med abonnement har du tilgang til NETT NO på alle digitale plattformer - du kan lese når du vil, kvar du vil og i det formatet som passar deg.

129,- pr. mnd.
Surfar på ei perfekt bølgje

FISKERIFINANSIERT: Når Isac Stevik og medelevane på Stad Ungdomsskule får symje- og surfeundervisning i Hoddevika er det næringslivet, med ErviK Havfiske i spissen som betalar. 

Surfar på ei perfekt bølgje

Når elevane på Stadlandet skal lære å symje, gjer dei det i havet. Sponsa av fiskeripengar.

- Vel anvendte pengar, seier fiskebåtreiar Stig Ervik i Ervik Havfiske.

Den svenske surfeentusiasten Calle Magnusson kom til Stadlandet og Hoddevika i 2011 for å skrive bok om ekstremsport, og enda opp med å bli. Det er han som står bak det spesielle symjeundervisningopplegget, det elevane får prøve seg både som surfarar og symjarar.

Men opplegget må finansierast, og der kjem ei rekkje lokale bedrifter, med Ervik Havfiske som største bidragsytar inn i biletet.

EIGARANE: Tremenningane Kjell Magne og Stig Ervik i Ervik Havfiske. Med 350 tilsette i administrasjonen og på båtane er Ervik Havfiske største private arbeidsgivar i Selje kommune.

Denne artikkelen har også stått i NETT NO-magasinet 2016. Del den gjerne med andre du meiner bør lese NETT NO. Klikk her for å lese heile magasinet

Elevane kunne nyte sol frå skyfri oktober-himmel på den siste samlinga for sesongen. Flotte bølger rullar inn frå ein storm ved Grønland eit par dagar før og reiser seg skumkvite før dei bryt saman innover Hoddevik-stranda på Stadlandet.  

Store ringverknadar
Det er gode tider i fiskeri, og få stader er det så lett å sjå ringverknadene som i det vesle Stad-samfunnet.

Tremenningane Stig og Kjell Magne Ervik har bygd Ervik Havfiske opp til å bli eitt av Noregs største linebåtreiarlag.

- Vi vi få vårt beste halvår nokon gong, sa Stig Ervik til NETT NO tidlegare i haust.

Det er gode tider, og investeringsvilje.

Satsar 700 millionar
Tre farty er under bygging, og dei har kjøpt ut sin tidlegare kompanjong, Domstein-konsernet.  Til saman er det snakk om ei investering på rundt 700 millionar kroner.

Når alt er på plass og nybygga levert, vil flåten i Ervik Havfiske Holding-konsernet bestå av fire linebåtar som fiskar djupvassarten patagonsk tannfisk i Sørishavet, og sju linebåtar som fiskar i Noreg.

700 MILLIONAR: Tre farty under bygging og utkjøping av Domstein sin aksjepost er ei investering på rundt 700 millionar kroner for Ervik Havfiske.

Skatteinntekter, busetjing, kompetanse og omdøme. Slik oppsummerer Selje-ordførar Stein-Robert Osdal i Selje betydninga av å ha Ervik Havfiske i kommunen. Dei tilsette og selskapet bidrar ikkje berre til å fylle kommunekassa, dei er også bidragsytarar i samfunnslivet utanom arbeidstida.

Samfunnsansvar
Med rundt 350 tilsette og rundt 30 i administrasjonen er selskapet i særklasse største private arbeidsgivar i Selje.  Ikkje alle tilsette bur i kommunen, men meir enn nok til å bety mykje i ein kommune med under 3000 innbyggjarar.

Under Ervik Holding-paraplyen finn vi både daglegvarebutikk (Vestkapp Handel), leverandør av agn, bunkers, verktøy og reservedeler til fiskeflåten (Nordic Marine), mekanisk verkstad (Westmek) og reknskapsbyrå (Vest økonomisenter og Rådgivning Nord).

 - Vi har eit samfunnsansvar. Eg veit ikkje om eg hadde hatt samvittigheit til å sitje med masse pengar på bok og sett at det ikkje skjedde noko her ute, seier Stig Ervik.

Fiskarane tek største gevinsten
På Stadlandet er oppturen i fiskeri ekstra synleg, men den er over alt, sjølv om det er i flåteleddet gevinsten er størst.

 - Vi ser ei veldig positiv utvikling i lønsemda i alle fartygrupper, seier sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea.

UTRUSTING: Forsyning av fartya til Ervik Havfiske sikrar store nok inntekter til å halde liv i Joker-butikken yst på Stadlandet. Anne Liv Ervik (biletet) og søstra Tone Ervik Årheim eig og driv butikken, medan Ervik Havfiske er største aksjonær. 

 I mange år var god lønsemd og nybygg noko som var reservert ringnotflåten, havgåande farty som fiskar sild og makrell.

 No er det opptur for alle.

Gunstig valutakursutvikling (sjølv om pilane har peikar feil veg i år) og fallande bunkersprisar har gitt betre prisar og lågare kostnader.

Sparer halv milliard
Før oljeprisfallet starta i 2014, låg bunkersprisen rundt 4,80 kroner literen (eks. avgifter). I februar 2015 var den på 3,70 kroner literen, i følgje drivstoffleverandøren Bunker Oil.

Ingeniør-konsulentselskapet Cowi, som mellom anna har arbeidd med analyser av drivstoff-forbruket i fiskeflåten anslår at flåten brukar rundt 400 millionar liter drivstoff i året.

Prisfallet frå juni 2014 til februar 2015 utgjorde dermed rundt 500 millionar kroner spart i året for fiskeflåten.

Tidleg i år var bunkersen prisa heilt ned mot to kroner literen i fleire månader, medan den no er oppe på 3,70 kroner literen.

Dei lave prisane i starten av året gjer truleg at dei samla drivstoffkostnadene for fiskeflåten til å vere lågare i år enn i fjor. 

Valutagevinst på oljeprisfallet
På inntektssida reflekterer verdien av sjømateksporten at fisken er blitt betre betalt.  Det er først og fremst høgare prisar og ikkje større volum som ligg bak at verdien av villfisk-eksporten (ikkje oppdrett) har auka med ni prosent til 24,2 milliardar kroner ved utgangen av november.

2016 blir det fjerde året på rad med vekst i verdien på villfisk-eksporten, og samanlikna med 2013 er det snakk om ein auke på over 35 prosent.

Den verdiauken er delvis ein konsekvens av oljeprisfallet, fordi oljeprisfallet gjorde at krona svekka seg, til gunst for norske fiskarar og alle andre eksportbedrifter.

Siste artikler

Store PSV-ar einaste lyspunktet

Nye langtidskontraktene for store PSV-ar gir litt håp for frustrerte supplyreiarar.

Kan Åge Remøy snart heise flagget på nytt?

10. oktober 2016 firte Åge Remøy Rem-flagget etter å ha tapt kampen mot Solstad og Røkke. Kan flagget snart heisast på nytt i Fosnavåg?

Slik ser det ut om bord i nyeferja

Fjord1 har no overtatt frå Havyard den første av tre ferjer som skal trafikkere strekninga Hareid - Sulesund.

Vil ha konsolidering i fiskeindustrien

Fiskeindustrien tjener for lite og trenger konsolidering, mener banksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank1 SMN.

Island Offshore-ansatte skifter likevel arbeidsgiver

De tidligere Island Offshore-ansatte var klare til å ofre jobbene heller enn å miste tariffavtalen hos sin nye arbeidsgiver, men blir nå med over til det nye selskapet.

Strengare eigarskapskrav for sjarkfiskarar

Fiskeridepartementet strammar neste år inn reglane for kven som kan delta i dei viktigaste kystfiskeria, den såkalla opne gruppa.

NETT NO
Ansvarleg redaktør: Ogne Øyehaug
Ansvarleg redaktør: Kjetil Haanes
Dagleg leiar: Eirik Staurset

Utgivar:
Bakkar og Berg Media AS
Pb. 142
6099 Fosnavåg

Kontakt:
Redaksjon: redaksjon@nett.no / Tlf: 95 77 97 27
Annonse: annonse@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Abonnement: abonnement@nett.no / Tlf: 95 24 72 09
Tips: tips@nett.no

NETT NO arbeider etter Ver Varsam-plakaten sine normer for god presseskikk og Tekstreklameplakaten sine normer for skilje mellom redaksjonelt stoff og reklame/sponsing. Alt innhald på NETT NO er opphavsrettsleg verna. NETT NO har ikkje ansvar for innhaldet på eksterne nettsider som det blir lenka til.