Superaar for Rostein
GODE ÅR: I løpet av dei fem siste åra har brønnbåtreiarlaget eit samla overskot før skatt på 767 millionar kroner. Superår seier viseadministrerande direktør Glen Bradley.
Nytt

Superår for Rostein

- Superår, seier viseadministrerande direktør Glen Bradley om Rostein-resultata dei siste åra.

07.08.2019
I fem år på rad har brønnbåtreiarlaget Rostein hatt eit driftsresultat på over 30 prosent av driftsinntekene.
2018 gav eit overskot før skatt på 229,4 millionar kroner. Båtane gjekk nesten utan stans i fjor, og så langt i år ser det ut til at 2019 også blir eit superår.
- Viss det forsetter med det høge aktivitetsnivået som no så ser eg ikkje bort frå at Rostein passerer ein milliard i omsetning i 2019, seier Bradley.

Investerer

Rostein har 14 brønnbåtar i arbeid og to under bygging. Nybygga har ein pris på 350-400 millionar kroner kvar, og blir bygd på Larsnes Mek. Verksted.
Rostein er eigd av Odd Einar Sandøys selskap Rofisk, som også er største aksjonær i Larsnes Mek. Verftet vurderer bygging av ei tørrdokk og den gode innteninga dei siste åra er kjærkomen.

- Her er meir enn nok å investere i, seier Bradley.

Styrkjer morselskapet

Dei siste fem åra er det tilført netto 100 millionar kroner i utbytte frå Rostein til Rofisk. Målet er å styrkje kapitalen i morselskapet i konsernet for å auke handlefridomen i konsernet.
- Ser vi på storleiken i datterselskapa så er det rom for å få betydeleg meir kontantar der, seier Bradley om oppkapitaliseringa i morselskapet.

Unormal lønsemd

Trass fleire år på rad med god lønsend meiner det er rett å snakke om ein unormal situasjon
- Det blir bygd båtar og det er godt med konkurranse framover, seier han.
Her er meir enn nok å investere i

Publisert: 07.08.2019 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38