Super profitt paa stempel og skilt
REKORD: Asbjørn Foldal i Foldal Stempel aukar driftsinntektene til rekordhøgde for andre år på rad, takka vere suksess på skiltmarknaden.
Nytt

Super-profitt på stempel og skilt

Asbjørn Foldal kombinerer stor vekst med auka lønsemd. Veks i ny marknad.

24.06.2015
- Det har vore eit bra år, det er ikkje tvil om det, seier dagleg leiar og medeigar Asbjørn Foldal i Foldal Stempel.
Den tidlegare skulestova i Follestaddalen i Ørsta er basen for familiebedrifta, som nettopp har tilsett sin åttande medarbeidar. Etter å ha hatt stabile driftsinntekter på litt over åtte millionar kroner i mange år har bedrifta fått ein kraftig vekst dei to siste åra. Samstundes har Foldal greidd å halde oppe den høge lønsemda (sjå tabell). Resultatet før skatt i høve til driftsinntektene i 2014 er det neste høgaste sidan 2008, og resultatgraden har vore over 34 prosent i heile perioden.
Foldal eig bedrifta saman med kona og fire barn. Etter det gode resultatet i 2014 tok dei ut to millionar kroner i utbytte, ein million meir enn åra før. Storparten av overskotet ligg likevel att i bedrifta, som har ein eigenkapitalandel på 67 prosent og over 10 millionar kroner i bankinnskot.

Stabilt i stempel

Asbjørn Foldal tok over bedrifta etter far sin, Petter Foldal, som starta med å lage stempel for brev og dokument heime på garden. I dag er offshorereiarlaga langs kysten storkundar hos Foldal. Stabilitet er stikkordet.
- Stempel er ikkje nokon vekstbransje, men det har halde seg utruleg bra, seier Foldal.
Skal det bli vidare vekst i stemplesalet trur han det er naudsynt å overta konkurrentar. I ein bransje som er dominert av familieigde bedrifter er det lite truleg at forsøk på oppkjøp vil føre fram, meiner han.

Vekst på skilt

Forklaringa på veksten dei to siste åre er suksess med satsing på akryldørskilt, jakkeskilt og kontorskilt med utskiftbar tekst.
For eitt år sidan anslo Foldal at skiltproduksjonen utgjorde 35 prosent av driftsinntektene. No anslår han at skilt og stempelproduksjonen står for kvar sin halvpart av salet.

Skilta blir stor sett selde gjennom eigen nettbutikk, som og tek ein aukande del av stempelsalet frå bedrifta.

Ikkje kriseteikn

Så langt har ikkje Foldal merka noko teikn til at fallet i oljeprisen slår ut på salet frå eiga bedrift, og stiller spørsmål ved om det blir teikna eit for negativt bilete av den økonomiske situasjoen i media.
Men uvissa om utviklinga og nedskjeringane i oljetilknytta bedrifter påverkar også han. Store investeringar står ikkje på planen.
- Vi ser det litt an, seier Foldal.
Det har vore eit bra år, det er ikkje tvil om det

Publisert: 24.06.2015 11:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44