Suksess med fiskemat og potetball
VOLDA: Volda Fiskemat held til i Furene i Volda. Dei har både bygd ny fabrikk i 2014 og også totalrenovert dei gamle produksjonslokala og har dermed fått ein meir effektiv og rasjonell produksjon. Her er dagleg leiar og eigar Hege Skurtveit.  
Nytt

Suksess med fiskemat og potetball

Volda Fiskemat har rigga seg for vekst. No kan det bli potetball til heile Norge.

Kristin Vidhammer
16.07.2018
Det er ikkje mange fiskematprodusentar igjen, men Volda Fiskemat klarer seg godt. Dei produserer fiskekaker og- karbonader, -boller, -pudding, blandaball og løkball, i tillegg til potetball.
Satsinga på potetball har vore ein suksess og utgjer no ca. 25 prosent av driftsinntektene. No har dei auka produksjonskapasiteten og der dei vil gå nasjonalt med sal av ein av potetball-variantane.

Ny produksjonslinje

- Vi bygde ny fabrikk som vi flytta inn i 2014. No har vi også totalrenovert dei gamle produksjonslokala våre frå 1978, der vi har bygd opp ei ny og eiga linje for potetballproduksjon. Vi er nettopp ferdig med testproduksjonen, slik at vi startar opp denne nye linja for fullt etter ferien. No skal det ikkje stå på produksjonskapasiteten og tek marknaden i mot oss, er vi klare, seier Hege Skurtveit, dagleg leiar og eigar.
Dei har fått ein samarbeidspartnar og satsar først på austlandet.
- Dette blir spennande og vi håper at vi vil lukkast med ei nasjonal satsing, seier ho.

Sel fiskematen lokalt

I dag sel dei fiskematen på Sunnmøre først og fremst, men også litt i Nordfjord og Romsdal.
- Dette er heilt bevisst og har med kvalitet og tilgong på råstoff å gjere. Det er heilt uaktuelt å gå nasjonalt med sal av fiskematen. Vi vil ikkje bli pressa til å kompromisse på kvalitet og mengde av kjedene.
Imidlertid kan det vere aktuelt å også selje nordover til Trøndelag og sørover på Vestlandet, men dette avhenger også av logistikk og sentrallagra til kundane.

Meir kostnadseffektiv produksjon

I fjor fekk Volda Fiskemat rekordhøg omsetning og resultat. Omsetninga enda på 12,5 millionar kroner og resultatet før skatt vart 2,3 millionar kroner.
- Vi har investert utruleg mykje siste åra. Det har vore ei bevisst satsing på å få meir rasjonell og effektiv produksjon og dette byrjar vi no å sjå effekten av også på resultatet. Det er veldig inspirerande å sjå at vi får til det vi tenker, håpar og trur, seier Skurtveit.
Produkta er å finne på dei fleste daglegvarebutikkane på Sunnmøre. Særleg NorgesGruppen er ein betydeleg kunde, der produkta er til sals på Kiwi, Spar, Eurospar og Meny, men dei sel også til Coop og andre butikkjeder i nordvest.
- Vi har også ei veldig godt samarbeid med Ole Ringdal as, der vi saman leverer til deira kundar. Ole Ringdal er fleksibel og leverer det kundane vil ha, sjølv om det skulle berre vere to skinkepakkar og tre fiskepuddingar.

Vidare vekst

Ho reknar med vidare vekst framover.
- Men det tek lang tid å innarbeide seg i nye marknader. Derfor trur eg ikkje på så stor effekt av potetballsatsinga i 2018, men i løpet av 2019 satsar eg på at vi vil sjå effekt. Å ha tolmodigheit, er viktig.
Når det gjeld råstofftilgong, har dei det gjennom heile året. Basisen er Alaska pollock A-grade saman med fersk fisk. Dei har også eit eige fiskemottak på Rovde der dei tek imot fersk fisk, fiska av lokale fiskarar. Der lagar dei fiskematfarse ved hjelp av ein unik teknologi, som gjer at fisken toler frysing. Fisken beheld framleis eigenskapane som gjer at den kan nyttast til fiskematproduksjon.
- Vi er bevisste på at vi må ha ein stabil kvalitet gjennom heile året og det klarar vi med denne råstoffbasen.
Volda Fiskemat AS vart etablert i 1942 og er den eldste fiskematprodusenten på Sunnmøre. Dei har no seks tilsette.
Det er veldig inspirerande å sjå at vi får til det vi tenker, håpar og trur

Publisert: 16.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 07.06.2021 09:46