Style butikken stenger etter seks aar
OPPBOD: Det er slutt for både klesbutikken i Fosnavåg og nettbutikken som Helen Espeseth starta opp i 2013. 
Nytt

Style-butikken stenger etter seks år

Helene Espeseth har meldt oppbod for nettbutikken og sentrumsbutikken i Fosnavåg.

Marius Rosbach
26.08.2019
Style by Helen-butikken meldte oppbod i førre veke, ifølgje ei frå Brønnøysundregistra.
Eitt år etter at butikken markerte fem års drift, er det kroken på døra for bedrifta. Motebloggar Helen Espeseth gjorde forretning ut av interessa for kle og starta opp butikk på heimplassen i 2013. I tillegg til butikken i Vågsgata 3 Fosnavåg, har dei hatt nettbutikk.
Espeseth opplyser til NETT NO at ho vil fortelje om saka når «alt er klart». Ho påpeiker at ho sjølv har valt å stenge både butikken og nettbutikken, og at ho no har «berre gode tankar rundt det».
Ifølge rekneskapa har inntektene vore på kring 2,5 millionar i omsetning dei fleste åra, men lønnsemda har vore svak. Samla har drifta gått med eit underskott på drygt 200.000 kroner i åra frå 2013 til 2018.
Ifølgje Brønnøysundregistera har selskapet åtte tilsette.
NETT NO har måndag ikkje fått ein kommentar frå bustyrar Linda Brevik om saka. Første skiftesamling er sett opp 1. oktober og siste frist for å melde krav er 26. september.

Publisert: 26.08.2019 13:29

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38