Strengare krav til utslepp gir oss drahjelp
VINDSKIPET: Eit trimaranskrog gjer sitt til at skipet får stabilitet og svært lite behov for ballast. Vinden skal draga skipet framover, så godt som uavhengig av vindretning. 
Nytt

– Strengare krav til utslepp gir oss drahjelp

Omlegging som følgje av strengare reglar frå årsskiftet gjer at vindskipkonsept utvikla av ålesundar kan få ekstra medvind.

Marius Rosbach
24.05.2019
kor langt Vindskip-satsinga var kome i sine planar om å utvikle ein ny skipstype som kan segle autonomt med låge utslepp. I tillegg til å bli drive fram av vindkraft, skal skipa få energi frå ei hybrid framdriftssystem med LNG og batteripakke.
Les også:

Nye krav frå årsskiftet

Gründer Terje Lade meiner vil vere avgjerande for at dei vil lukkast med si løysing. Ifølgje nye reglar frå årsskiftet kan skip ikkje bruke drivstoff som inneheld meir enn 0,5 prosent svovel. Dei kan óg installere ein «scrubber» som rensar eksosen.
– Dei strengare krava til utslepp gir oss draghjelp. Det krev eit skifte over til LNG. Flytande naturgass er i dag det reinaste drivstoffet kommersielt tilgjengeleg. For å utnytte det må samstundes forbruket av drivstoffet ned, seier Lade til NETT.NO.
Til samanlikning er grensa for lovleg svovelinnhald som no er innført i dei vestlandske verdsarvfjordane, på 0,1 prosent. Nyleg på 700.000 kroner for å brote reglane mellom anna på tur til Geiranger.
Les meir:

– Halvert forbruk av drivstoff

Ålesundsingeniøren anslår at vindskipet dei har utvikla kan halvere forbruke av drivstoff samanlikna med andre skip.
Konseptet består i tillegg til vindkraftsystemet, av teknologi som gjer at skipet kan segle autonomt der veret er best og eit framdriftssystem som kan operere som ein cruisekontroll og gi skipet jamn fart, sjølv med ujamn vind.

– Forsurar havet

Som følgje av (IMO) har det dei siste åra vore kraftig vekst i talet på skip som skal segle på LNG. Den gir mindre utslepp av svovel, nitrogen og CO2 enn tungolje.
– I mange tiår har internasjonal skipsfart nytta tungolje som inneheld opptil 3,5 prosent svovel. Svoveldioksidet har ein stor negativ miljøpåverknad, då den dannar svovelsyre som forsurar havet. Denne forsuringa av havet hemmar alt marint liv og har stor innflytelse på mindre organismar, påpeiker Lade.
Les også:
Flytande naturgass er i dag det reinaste drivstoffet kommersielt tilgjengeleg

Publisert: 24.05.2019 15:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35