Strengare eigarskapskrav for sjarkfiskarar
EIN MAJORITETSEIGAR: Det blir strengare reglar til eigarskap i det opne sjarkfisket neste år. 
Nytt

Strengare eigarskapskrav for sjarkfiskarar

Fiskeridepartementet strammar neste år inn reglane for kven som kan delta i dei viktigaste kystfiskeria, den såkalla opne gruppa.

14.12.2018
NPK: Bakgrunnen for innstramminga er overfiske av torsk i denne delen av fiskeflåten, der det ikkje er noko tak på kor mange båtar som kan delta.
– For å avgrense deltakinga i open gruppe vil vi derfor stille strengare krav til eigarskap. Dette kan bidra til å reduksjon i overfisket av torsk, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) til fiskeriavisa Kyst og Fjord.

Ein majoritetseigar

Fartøya i open gruppe må neste år ha ein enkeltperson som majoritetseigar for å delta i fisket. Det blir dessutan forbode å delta i open gruppe for fartøy der majoritetseigaren har minoritetseigarskap i eit anna fartøy som deltar i lukka gruppe i det same fiskeria.
Til gjengjeld blir det ikkje innført krav om automatisk identifikasjonssystem (AIS) i open gruppe, slik Fiskeridirektoratet har gått inn for.
– Eit slikt krav hadde medført ekstra utgifter for mange sjarkeigarar. Vi bør ikkje innføre det utan ei grundigare vurdering av om behovet kan rettferdiggjere dei auka kostnadene, seier Nesvik.
Nytt neste år blir òg at det skal bli lettare for mannlege fartøyeigarar å ta ut fødselspermisjon.

Publisert: 14.12.2018 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:29