Stranda mot hyttetoppen
MEIR KAPASITET: Mengda av fritidsbustadar på Furset-sida på Strandafjellet er blitt så stor at det må byggast ny veg over elva for å ta trafikken trygt unna.
Nytt

Stranda mot hyttetoppen

Stranda veks frå Stryn som den mest attraktive hyttekommunen på Nordvestlandet.

22.02.2020
Anleggarbeidarane er i full gang med å bygge ny bru over elva til Fursetlia på sørsida av riksveg 60, rett aust for skisenteret på Strandafjellet.
Fritidsbustadane som alt er bygd i området, og nye som skal kome, fører til så mykje trafikk at vegvesenet vil flytte den opphavleg avkøyringa - som ligg rett ved skisenteret - til ein meir oversiktleg plass.
Jan Arvid Berge har vore med sidan hyttebygginga på Strandafjellet skaut fart og han og kompanjongane i Strandafjellet Eiendom har 52 mål på Fursetsida av Strandafjellet der dei planlegg rundt 40-50 bueiningar. I tillegg har dei planar om to større bygg med tilsaman 18 leilegheiter.

Hentar inn forspranget

Dei siste 10 åra er det Stryn som har hatt den største fritidsbustad-utbygginga på Nordvestlandet, ifølgje Statistisk Sentralbyrå sin statistikk over igangsett bygging av fritidsbustadar (sjå grafikk). Men no halar Stranda halar innpå og vil med dagens tempo passere Stryn om få år.

Dei siste fem åra er det i Stranda bygginga av fritidsbustadar aukar mest, og Berge er ikkje åleine om å møte etterspørselen etter fleire fritidsbustadar på Strandafjellet.
På nordsida av vegen, mot fjellet Roalden, planlegg selskapet Blådalslia as ei utbygging av leiligeheiter og hytter. Totalt kan det bli 250 bueiningar, 55 hytter og resten leiligheiter, i følgje Frode Håkon Kjølås, ein av investorane som kjøpte skisenteret på Strandafjellet frå Stranda kommune.

Det er selskapet Blådalslia as som står bak satsinga. Selskapet er eigd av Strandafjellet Skisenter as (60 prosent), Nordang Holding (20 prosent) og Roger Halsebakks investeringselselskap Ronja Capital (20 prosent). Planen er å starte bygging av bru og veg inn i området til sommaren. Blådalslia vil selje ut hyttetomtene og areal til leiligheiter oppover i lia, og sjølv stå for bygging av leiligheiter nederst i lia.
I tillegg skal det også byggjast nytt servicebygg, med plass til skiutleige, kafe- og restaurant, i regi av Strandafjellet Skisenter as. Det skal erstatte dagens servicebygg og kan i beste fall takast i bruk i sesongen 2020/2021.

Litt lenger aust er den tredje større aktøren på Strandafjellet, Mivo, i arbeid med to nye reguleringsplanar, som til saman kan gi rundt 70 nye einingar. Saman med ein samarbeidspartnar arbeider Mivo også med eit leilegheitsprosjekt med 20 leilegheiter.

Snøballeffekt

Frode Håkon Kjølås og Martin Vollen i Mivo har same forklaring på suksessen for Strandfjellet som hytteområdet: Snøballeffekten.
Dei som alt har etablert seg på Strandafjellet dreg med seg naboar, vener og familie som nye kundar til tomte- og fritidsbustadsutbyggjarane.
Då Vollen starta som tomteentreprenør på Strandfjellet blei han overraska over at det var som mange yngre barnefamiliar blant kjøparane.
- Dei seier at dei tek det rolegare på heimebane og heller kjøper hytte i tillegg, seier Vollen.

Leiger ut

Ein annan grunn til interessa for Strandafjellet er sjansen til å finansiere investeringa med å leige ut.

Helge Ibrahim i Visit Stranda formidlar utleige av fritidsbustadar og har i dag omlag 90 fritidsbustadar i "stallen", der fritidsbustadeigarane overlet til Ibrahim å handtere utleige.
Ibrahim leigde ut den første hytta i 2004.
Då venta han at vinteren skulle bli hovudsesongen, men der tok han feil. Frå 2012 har han satsa bevisst på sommarsesongen og dei siste åra har 60 prosent av leigeinntektene kome i juli og august, noko som passar bra for mange av dei som leiger ut - fordi dei første og fremst har fritidsbustaden til vinterbruk.

Skianlegget er motoren

Sjølve motoren i fritidsbustads-marknaden på Strandafjellet er skianlegget på begge sider av vegen.
I desember 2012 kjøpte trioen Frode Kjølås (fiskeindustri-utstyrsprodusenten Seaside som no er ein del av Optimar), Per Magne Grøndahl og Bjarte Tunold (lakseforedlingsbedrifta Norsk Sjømat) anlegget
I førre skisesong selde anlegget 50.000 skidøgn (summen av sesongkort og selde dagsbillettar), og dei som bur i hyttene og leilegheitene på fjellet utgjer ein del av grunnlaget for å kunne halde ope kvar dagleg leiar Stian Græsdal.
Rekordåret var sesongen 2017/2018, med 70.000 selde skidøgn. Balansepunktet mellom overskot og underskot for vintersesongen ligg omlag på 60.000 skidøgn, i følgje Græsdal.
Om sommaren er gondolbanen og servingsstaden på Roaldsida i bruk. Driftsinntektene er størst om vinteren, men lønsemda er størst om sommaren. Sist offentlegjorde reknskap er for sesongen 2017/2018 og viser 16 millionar kroner i driftsinntekter og 1,9 millionar kroner i resultat før skatt.

Publisert: 22.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 12:19

Mer om