Stranda luktar paa dei store
OVER FJORÅRET: Billettsalet for 2018/2017-sesongen passerte førre sesong med god margin siste helga før påske. Dagleg leiar Stian Græsdal seier målet er ytterlegare 20-30 prosent vekst. 
Nytt

Stranda luktar på dei store

I 2017 passerte Strandafjellet Skisenter as 18 millionar kroner i driftsinntekter og gjekk i pluss før første gang etter at dagens eigarar tok over i 2013.

24.03.2018
Førre helg passerte Strandfjellet Skisenter heiskortinntektene for heile 2017 med god margin, og enno er påska og vårsesongen igjen.
Skisentra på Nordvestlandet har hatt ein knallsesong, med opning i november i fjor og nok snø sidan. For Strandfjellet Skisenter, storebror blant skisentra og det einaste heilkommersielle anlegget, er no på det nivået som må til for å drive i pluss.
Dagleg leiar Stian Græsdal i Stranda Skisenter trur den fine vinteren har gitt mange meirsmak på ski, ein meirsmak som alle alpinanlegga tener på - også på lengre sikt.
-Eg trur vi vil merke dette framover, seier han.
Målet er ytterlegare 20- 30 prosent vekst, altså ei årleg driftsinntekt på 21-23 millionar kroner. Då vil selskapet få eit overskot som også gir grunnlag for nye større investeringar.
Eit slikt inntekstnivå plasserer også Strandafjellet høgst sannsynleg inne på lista over .

Butikk på fjellet

Først på ønskelista står eit nytt servicebygg i dalbotnen, som vil samle funksjonar som i dag er spreidd på fleire bygningar. Det skal mellom anna romme skiutleige, restaurant/varmestove, plass til Røde Kors-mannskap, og butikk/storkiosk.
Det førebelse kostnadsoverslaget er 30-40 millionar kroner.
På investeringslista står og utviding av pavilljongen ved Roalden, dit det går gondolbane som og blir brukt om sommaren.

Meir overnatting

Ein viktig nøkkel for å få meir vekst er auka overnattingskapasitet ved skianlegget, i følgje dagleg leiar Stian Græsdal.
Mange hytteeigarar på Strandafjellet leiger ut når dei ikkje brukar fritidsbustaden sjølv, direkte eller via Stranda Booking.
Helge Ibrahim i Stranda Booking har 60-70 hytter og fritidsbustadar i stallen, der han tek heile jobben med stell av hyttene og service for kundane.

Men Græsdal ønskje seg meir og ser gjerne at planane om eit hotell også blir sett ut i livet.
- Som det er no, når vi stengjer for dagen, så er det litt stille her.

Dugnadsbasert

Medan skianlegget på Strandafjellet er basert på kommersiell drift og tilsette som held anlegget i gang, ligg Volda Skisenter heilt i den andre enden av skalaen.
Volda Turn og Idrettslag og Volda kommune eig tilsaman over 50 prosent av aksjane og heile drifta er basert på dugnad. Dugnadsinnsatsen gjer at selskapet har gått i pluss i tre av dei 10 siste sesongane, trass i at driftsinntektene aldri har vore høgare enn 3,3 millionar kroner
I førre sesong var anlegget nesten ikkje ope, på grunn av lite snø og dårleg ver. I år har det vore drift sidan november.
Kombinsajonen dugnadsdrift, heilt eller delvis, og eit eigarskap motivert av å oppretthalde eit lokalt fritidstilbod gjer at alpinanlegga på Nordvestlandet kan tole økonomisk tøffe sesongar og svak lønsemd. Investeringar i anlegga må då enten basere seg på innteninga i gode sesongar - slik som 2017/2018 blir- eller innsprøyting av kapital for eigarar og/eller offentlege tilskot til idrettsanlegg.

I pluss

Denne sesongen endar truleg i pluss for alle alpinanlegga, sjølv om påska for alle NETT NO snakka med framleis er svært viktig for sesongresultatet.
I ein normalsesong er det ofte påska som avgjer om anlegget går i pluss eller ei. Etter påske dabbar det fort av, uavhengig av om det er bra med snø i anlegga eller ei.
Stian Græsdal på Strandafjellet skal halde ope til 15. april. Då er vintersesongen slutt. Men ei veke etterpå, 21. april, startar sommarsesongen. Då kjem den første gruppa med cruiseturistar for å bli frakta til topps med gondolen, til lunsj oppe i fjellet.
I starten av sommarsesongen tek Strandafjellet Skisenter mot grupper etter avtale. Frå midten av juni til midten av august er det det dagleg drift på gondolen.
For Strandafjellet Skisenter har sommarsesongen blitt svært viktig for resultatet. Vinteren står for 2/3 av driftsinntektene, men berre 1/3 av resultatet før skatt. Sommaren utgjer 1/3 av driftsinntektene, men 2/3 av resultatet før skatt. Grunnen er enkel, sommardrifta er billegare. Ikkje noko preparering og berre gondolen i drift.

Svak sesong

Dei sist offentleggjorte reknskapa til alpinanlegga på Nordvestlandet viser korleis det gjekk i førre sesong, 2017/2016 - og for Strandafjellet Skipsenter og Stordal Alpinsenter, korleis det gjekk i 2016.
Fleirtalet av alpinanlegga på Nordvestlandet har såkalla avvikande reknskapsår (sjå tabell). Det betyr at dei rapporterer pr. sesong og ikkje pr. kalenderår. Førebels er Strandafjellet Alpinsenter eitt av to selskap som følgjer kalenderåret, slik at oversikta over sist tilgjenglege resultat i bransjen (sjå tabell) gir eit mangelfullt biletet av 2017/2016- sesongen.

Publisert: 24.03.2018 06:00

Sist oppdatert: 12.05.2021 11:30