Straks klar med ny linebaat
SNART SJØKLAR: 12. desember legg Vestliner ut på sin første sjøtur. 
Nytt

Straks klar med ny linebåt

Om eit par veker vil enda ein ny fiskebåt vere klar til å legge ut på sin første sjøtur frå Ervik Havfiske sin base på Stadlandet.

Administrator
02.12.2016
Nye Vestliner skal døypast 10. desember, og eit par dagar seinare skal båten vere sjøklar.
- Planlagt avgang er 12. desember, og planen ser ut til å halde, seier Stig Ervik i spissen for det leiande linebåtbåtreiarlaget i Norge.

Fjorten båtar

Medrekna Vestliner vil Ervik-flåten telje 14 fiskebåtar medrekna dei som opererer i utlandet. Aktiviteten i utlandet vil bli styrka når konsernet sine to nybygg blir leverte frå Tersan-verftet i Tyrkia tidleg i 2018. Dei to nybygga skal drive linefiske i Sørishavet, der Ervik Havfiske frå før er ein leiande internasjonal aktør i fiske etter tannfisk.
- Båten vi har der nede er klar til å starte på ny sesong så snart fisket opnar i starten på desember, fortel Ervik.

Kjøpt frå Russland

Nye Vestliner er båten som Ervik Havfiske kjøpte halvferdig frå eit russisk verft tidlegare i år. Bygginga av båten var då stansa etter at det skar seg på kvotesida for det russiske reiarlaget som hadde kontrahert det 48 meter lange og 12 meter breie nybygget.
- Diskusjonen med russarane starta i 2015, og til slutt blei vi einige om prisen, seier Ervik.

Utrusta på Westmek

Som ein del av avtalen skulle russarane gjere ferdig så mykje som dei kunne greie før båten blei teken til Norge. Den vidare utrustinga har skjedd ved Westmek i Borgundvågen, som er eitt av fleire selskap innafor Ervik-konsernet.
Ervik fortel at etter slipping på Båtbygg, der det blir utført nødvendig arbeid med dragarbrønnen, skal Vestliner i slutten av denne veka tilbake til Westmek for fullføring av fryseri, fabrikk og autolineanlegg.
Autolineanlegget skal ha plass til 55.000 krok.
- Det blir ein hektisk sluttspurt i dagane framover til båten er sjøklar, seier Ervik.

130 millionar kroner

Vestliner er innreidd for 20 mann, men skal drive med 15-16. Båten skal fiske på kvotane til Keltik som Carisma-reiarlaget har teke over.
Ifølgje Ervik representerer Vestliner ei investering på totalt rundt 130 millionar kroner.
Stig Ervik eig eine halvparten av selskapet som i fjor hadde 0ver 430 millionar kroner i driftsinntekter. Den andre halvparten er eigd av tremenningen Kjell Magne Ervik.
Det blir ein hektisk sluttspurt i dagane framover til båten er sjøklar

Publisert: 02.12.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04