Nytt
Stort kursfall i Fjord1
Fjord1-aksjen er blant dei største taparane på børsen i formiddag.
15.05.2019
Reknskapen for 1. kvartal vist både inntektsnedgang og svakare lønsemd for Fjord1.
Klokka 10:59 var aksjen handla til 38 kroner. Det verdset selskapet til 3,8 milliardar kroner.
I går var sluttkursen 42,20 kroner, men det var også dagen for utbetaling av utbytte på 2,70 kroner pr. aksje for 2018. Dei som kjøper aksjar i dag får ikkje utbytte for 2018.
Justert for utbytte er kursfallet i dag 3,8 prosent.
Då hadde aksjekursen stige frå 30 kroner ved børsnotering i mai 2017.
Dagen kurs er den lågaste sidan august 2017.
Sævikfamiliens selskap Havilafjord eig 51,5 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom selskapet Havila Holding.
Havila Holding eig 33,4 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Klokka 10:59 var aksjen handla til 38 kroner. Det verdset selskapet til 3,8 milliardar kroner.
I går var sluttkursen 42,20 kroner, men det var også dagen for utbetaling av utbytte på 2,70 kroner pr. aksje for 2018. Dei som kjøper aksjar i dag får ikkje utbytte for 2018.
Justert for utbytte er kursfallet i dag 3,8 prosent.
Kurstopp i fjor
31.mai i 2018 nådde aksjekursen i Fjord1 55 kroner pr. aksje.Då hadde aksjekursen stige frå 30 kroner ved børsnotering i mai 2017.
Dagen kurs er den lågaste sidan august 2017.
Sævikfamiliens selskap Havilafjord eig 51,5 prosent av aksjane i Fjord1 gjennom selskapet Havila Holding.
Havila Holding eig 33,4 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Publisert: 15.05.2019 11:15
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35