Stort fokus paa kostnadskutt
ULMATECH: Konsernet driv sal av maritimt og seismisk utstyr mellom anna. Her er Håvard Myrene (til v), Director Business Development og Stig Ulstein, adm. direktør.  
Nytt

Stort fokus på kostnadskutt

Ulmatec-konsernet kutta 100 millionar i kostnader i fjor etter ein like stor omsetningsnedgong. Men dei klarte ikkje å unngå underskot. 

Kristin Vidhammer
11.08.2017
Ulstein Marine Technology-konsernet fekk i fjor ein nedgong på 100 millioner kroner i omsetninga og enda på 278 millionar kroner i driftsinntekter. Resultat før skatt vart eit underskot på nærmare 12 millionar kroner.
Konsernet er hardt råka av nedturen i offshore. Styret skriver i årsmeldinga at det i 2016 er gjennomført vesentlege kostnadsreduksjoner og at dette arbeidet fortsetjer i inneverande år.
- Selskapa i konsernet befinn seg i marknadar som for tida er relativt krevjande, men styret meiner at konsernet vil vere godt forberedt på å møte framtidige utfordringar, skriv dei.
I 2015 vart resultatet positivt med 3,7 millionar kroner på grunn av gevinst på sal av aksjer på 23,5 millionar kroner. I 2016 kunne konsernet bokføre ein gevinst på sal av aksjer på 4,3 millionar kroner.
Les også:

Nye marknader

Sals- og marknadsdirektør Jon-Åge Eidem i Ulmatec sa til NETT NO i februar i år at konsernet jaktar fleire tilsette etter at 2016 slett ikkje vart så ille som ein først frykta. Det var då snakk om fem-seks tilsette i første omgang, ved Ulmatec Pyro i Søvika og Ulmatec Handling Systems på Hareid.
- Vi drog i snora tidleg nok og satsa på nye område då vi såg at offshore- og seismikkmarknaden kollapsa, sa han.
Les også:
Ulmatec-konseret vart oppretta i 2000 og konsernet hadde i fjor 155 årsverk, ned frå 190 årsverk i 2015.
I utgangspunktet var det olje- og offshoresektoren som var målgruppa for konsernet, men i 2014 gjekk ein på eit tap på drifta, med påfølgjande kostnadskutt og ein del permitteringar og omorganiseringar.

Nye marknader

- Det er andre område enn offshore vi har vekse på, ikkje minst innanfor oppdrett og vind, sa Eidem i februar i år.
Mellom anna leverer selskapet utstyr til Optimar sitt nye avlusingssystem Optilice, og ein er også stor leverandør av utstyr til Uptime International sine gangvegar til offshore vind-installasjonar.
Men største veksten er det uansett Ulmatec Pyro i Søvika som har hatt, eit selskap som er store på leveransar av varmegjenvinningsutstyr.
- Det ser svært lovande ut for Ulmatec Pyro, der vi har utvikla lokala kraftig og satsar no stort på robotisering, sa Eidem.
Han opplyste at det er spennande nysatsingar i gang også på Hareid.
- Mellom anna har vi flytta det oppkjøpte selskapet Powdertech frå Surnadal til Hareid. Dette selskapet driv med mykje spanande innan mettallbearbeiding og blir eit flott tilskot til Ulmatec Components.

Hurtigrute-kontrakt

Konsernet har hanka inn kontrakt på levering av utstyr til den nye Kleven-hurtigruta MS Roald Amundsen, med opsjon på levering av utstyr til MS Fridtjof Nansen og to andre hurtigruter.
Kontrakta inneber mellom anna levering av åtte sideportar i tillegg til utstyr som gangvegar, kraner og løfteanordningar til mindre båtar som skal nyttast til turar til og frå skipet.
- Ein viktig kontrakt for oss, og det er også gledeleg at denne kontrakten hamna på Sunnmøre, sa Eidem.

Dubai-selskap

Dei viktigaste dotterselskapa i gruppa er Ulmatec Components (metallkonstruksjonar), Ulmatec Handlings System (utvikling og sal av utstyr og mekanisk arbeid), Ulmatec Baro (seismikkutstyr), Ulmatec Pyro (varmegjenvinningsutstyr) og Ulmatec Engineering.
Konsernet er også store på skipsservice gjennom Ulmatec Skipsservice, der ein har verksted i Tromsø, Fosnavåg og Bergen.
- Vi har også rundt 30 tilsette i trading, og vi har Ulmatec Services Dubai. Det ser slett ikkje så verst ut, sa Eidem til NETT NO i februar i år.

Tilfredsstillande finansiell situasjon

Ulmatec-konsernet har ein bokført eigenkapital på 126 millionar kroner, det tilsvarar ein eigenkapitaldel, inkludert minoritetsinteresser, på 41 prosent. Likviditetsbehaldninga var ved årsskiftet 25 milllionar, mot 47 millionar året før.
Det er tre største aksjonærane i selskapet er Ulmar as v/Stig Ulstein(28,88 prosent), Borgstein Invest (26,39 prosent) og Sneiingen as (17,05 prosent). Det er Morten Ulstein som er styreleiar i selskapet, i tillegg sit Stig Ulstein og Einar Martin Kristensen i styret.

Publisert: 11.08.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12