Storsatsing paa ny kystbaat
SATSAR: Hans Remøy og partnerane byggjer ny kystbåt til vel 60 millionar kroner.
Nytt

Storsatsing på ny kystbåt

- Dette er ein miljøbåt, ein ny generasjon kystbåt.

14.03.2018
Det seier Herøy-reiar Hans Remøy etter at han har kontrahert ein 27,90 meter lang kystbåt hos Vard Aukra.
- Eg var dialog med tre verft, men Vard Aukra var billegast, seier Remøy, som i satsinga har med seg partnerane Dag Remøy, Vegard Kvalsvik og Helge Kvalsvik.
Prislappen er på vel 60 millionar kroner for den kombinerte autoline- og snurrevadsbåten.
- Vi satsar på å fiske for rundt 20 millionar i året, så dette trur eg vert ei god satsing.

Heilårsdrift

Båten skal vere ferdig i mai 2019, og får namnet Remøybuen, det same som gamlebåten som er seld.
- Eg har tru på kystfiske framover. Kvotene er bra, og om ein står lenge om bord, vil nok fiskarane kunne tene rundt millionen på eit år.
- Men det må arbeidast. Dette er ein båt tilpassa heilårsdrift.

Elektriske vinsjar og tromlar

Båten er teikna av Fosnavåg-selskapet West Maritim, og det vert satsa på isa ferskfisk i kar.
- Vi reknar med å kunne ta rundt 60 tonn fangst, seier Remøy.
Han opplyser at det er ei rekkje nyvinningar om bord.
- Mellom anna er alle vinsjar og tromlar heilelektriske, noko kystflåten tidlegare ikkje har hatt.
- Dette er på mange måtar ein ny generasjons miljøbåt under 28 meter, seier Remøy.

Jaktar meir kvote

I hovudsak kjem båten til å fiske i Barentshavet.
- Vi reknar med å vere rundt 80 prosent av tida i Barentshavet og difor levere nordpå.
- Resten av tida vert vi i Nordsjøen.
Reiarlaget har mellom anna 250 tonn torskekvote, like mykje seikvote og 700 tonn hysekvote.
- Vi jaktar meir kvote, men det er frykteleg dyrt for tida, seier Remøy.

Mest snurrevad

Han seier at hovudreiskapen vert snurrevad.
- Vi kan drive med 30.000 linekrok, men vi reknar med at mesteparten av tida vil det vere snurrevad vi satsar på.
Remøy har sjølv drive hav- og kystfiske i over 40 år, og har i utgangspunktet trappa litt ned.
- Men her kjem eg nok til å verte med ein del. Dette har eg verkeleg god tru på.
Finansieringa er ordna gjennom Sparebank1 SMN, med støtte frå Innovasjon Norge.
Dette er på mange måtar ein ny generasjons miljøbåt under 28 meter

Publisert: 14.03.2018 12:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19