Storsatsing paa Strandafjellet
SATSAR: Norsk Sjømat-direktør Per Magne Grøndahl på Stranda er ein av hovedaksjonærane i Stranda skisenter, og følgjer med på aktiviteten via fleire webkamera. No skal det satsast stort.
Nytt

Storsatsing på Strandafjellet

Får restaurant, pub og after ski-tilbod.

10.10.2019

-

Vi meiner sjølve at vi allereie er av dei beste skisentra i Norge. Men målet er at vi skal verte endå betre. Difor satsar vi.
Det seier aksjonær Per Magne Grøndahl i Strandafjellet skisenter.
Saman med Frode Harald Kjølås, Bjarte Tunold og Stig Jarle Rødseth skal det no satsast stort på eit opplevingssenter ved skisenteret.
- Dette er ei storsatsing. Vi ser for oss eit bygg på 600-800 kvadratmeter, seier Grøndahl.

Oppstart neste sommar

Det er leigd inn arkitekt som no arbeider med ulike skisser.
- Vi satsar på å starte byggjearbeidet neste sommar.
Bygget skal etter planen romme kafé, restaurant og pub med after ski.
- I tillegg vil vi ha billettkontor og skiutleige.
- Truleg vil også Røde Kors ha base i dette bygget, seier Grøndahl.

Vil ha heilårsdrift

Aktørane meiner at satsinga vil løfte skisenteret fleire hakk.
- Dette vert eit godt tilbod for både hyttefolket rundt anlegget og alle tilreisande. Dette har vi stor tru på.
Frå før er det seks skiheiser, 17 nedfartsløyper og 15 kilometer med preparerte skiløyper for langrennsfolket.
Skisenteret opplever auka vekst, og ved Stranda-gondolen har ein i år passert 20.000 besøkande mot 12.000 i fjor.

- Målet er at vi etter kvart skal få eit senter med eit skikkeleg godt tilbod heile året, seier Grøndahl.

Har hyrt inn Karsten Gefle

Stranda Skisenter har nyleg også tilsett den verdskjende ekstremsportutøvaren Karsten Gefle som ny marknadssjef.
Gefle er blant anna kjent for å sin frikøyring ned bratte fjellsider, ikkje minst på Sunnmøre. Han har også deltatt i ei rekkje filmar.
No er han gift og busett i Ålesund, og startar no på arbeidet med å promotere skidestinasjonen Stranda.
Målet er at vi etter kvart skal få eit senter med eit skikkeleg godt tilbod heile året

Publisert: 10.10.2019 09:50

Sist oppdatert: 08.03.2021 11:05