Storkontrakt til Ulstein Verft
KONTRAKT: Nexans nye kabelleggjar vert nesten 150 meter lang og skal byggjast ved Ulstein Verft.
Nytt

Storkontrakt til Ulstein Verft

Skal byggje 149,9 meter lang kabelleggjar for Nexans.

04.07.2018
Ulstein Verft har sikra seg kontrakten på å byggje ein 149,9 meter lang og 31 meter brei kabelleggjar for franske Nexans.
Kontrakten var først gitt til det kroatiske verftet Uljanik, men økonomiske problem for verftet gjorde at arbeidet aldri kom i gang.
I staden vart det sett etter nye verft for å byggje det Skipsteknisk-designa skipet, og Ulstein Verft lukkast å hale i land storkontrakten på det som vert karakterisert som verdas mest avanserte kabelleggjar.

Ferdig i 2021

Etter dei opphavelege planane skulle skipet vere ferdig i 3. kvartal 2020, no vert skipet i staden levert tre kvartal seinare.
Om bord skal det vere plass til heile 10.000 tonn høgspentkabel i svingskiva på dekk. I tillegg til høgspentkablar, vil skipet også kunne leggje fiberoptiske kablar.
Om bord er det mykje spesialutstyr, som no kan gå til norske selskap. Mellom anna skal skipet kunne leggje kablar på meir enn 2000 meter djupne.

Friske pengar

Ulstein Group har nyleg henta inn 300 millionar friske kroner, mellom anna for å ha tilstrekkeleg finansiering til nye prosjekt, slik som Nexans-prosjektet.

150 millionar vert henta inn frå aksjonærane, med hovudaksjonæren Ulsmo i spissen, medan 100 millionar kom frå Innovasjon Norge og 50 millionar frå DNB.
Nexans har på sin side fått fleire store kontraktar i det siste. Tysdag opplyste Equinor at Nexans hadde fått oppdraget med å levere 27 kilometer med komplekse kontrollkablar for kraft, fiberoptikk og hydraulikk ved utvidinga av Troll-feltet.
Ulstein Verft har invitert til pressekonferanse 12:30 i dag.

Publisert: 04.07.2018 11:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23