Storkontrakt til Marina Solutions
AVTALE I SIKTE: Torgeir Iversen og kollegaene i Marina Solutions dreg truleg snart i hamn ein kontrakt på over 30 millionar kroner.
Nytt

Storkontrakt til Marina Solutions

Marina Solutions forhandlar om levering av marinaanlegg til 30-35 millionar kroner.

24.08.2016
Selskapet er inviterte til møte om eit nytt marinaanlegg i Harstad, stadfestar dagleg leiar Torgeir Iversen.
Det handlar om ein flytande molo i fem seksjonar, med småbåtanlegg på innsida. Sjansen for å dra kontrakten i hamn er stor, sidan Marina Solution er den einaste tilbydaren, skriv Harstad Tidende.
Kvar seksjon er på 50 meter, og veg 750 tonn, med "kjellar" i betongkonstruksjonane.

Tok grep

Marina Solutions blei skipa i 2010. Selskapet er registret i Sula, men storparten av dei 15 tilsette er stasjonert ved kontoret i Ørsta.

2014 enda med eit underskot på 2,2 millionar kroner, og selskapet tok grep for å få attende lønsemd. Da førde selskapet tilbake i pluss i 2015 (sjå tabell).
- Meir fokus på prosjektstyring og forbetring av interne system i bedrifta, seier Iversen om kva som er gjort.

Aukar lønsemda

Iversen reknar med å gå ut av 2016 med ei betre lønsemd enn i fjor, og minst like store driftsinntekter som i fjor.
Kontrakten i Harstad er i nærleiken av rekordkontrakten Marina Solutions inngjekk i Trondheim i 2015 (over 40 millionar kroner, med moglege utvidingar).

Ulstein Betong skal vere underleverandør på betongkonstruksjonane. Ulstein Betong er også medeigar i Marina Solutions.

Publisert: 24.08.2016 13:39

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59