Storkontrakt paa ferjeombygging
BLIR NY: MF Årdal er ei av fire ferjer som Fjord 1 byggjer om til å kunne bruke både fossilt drivstoff og batteri.
Nytt

Storkontrakt på ferjeombygging

Båtbygg på Raudeberg og Fiskarstrand i Sula skal byggje om to ferjer kvar for Fjord 1. Betyr storkontrakt til elektroleverandøren Acel, som treng fleire folk. 

18.02.2019
Ferjene skal byggast om for hybriddrift, slik at dei kan gå både på fossilt drivstoff og batteri.
Kva ferje blir tatt ut av trafikk i 15-18 veker medan verft og underleverandørane byggjer om.
Siemens leverer batteri pakkar og tavler, med elektrofirmaet Acel i Ålesund skal står for installasjonsarbeidet som skal til for at batteria kan ladast og energien frå batteria kan brukast til å drive ferjene.
De handlar om prosjektering, tavlebygging, elektroinstallasjon og testing. Til saman er det snakk om kontrakter på i overkant av 40 millionar kroner for Acel, seier administrerande direktør Klaus Kjerstad.

Treng meir folk

Acel gjekk inn i 2019 med rekordtjukk ordrebok og er på jakt etter fleire folk for å få arbeidet unna.
- Vi treng folk i alle deler av bedrifta, seier Kjerstad.
Oppdraget med ferjene gir Acel sysselsetting fram til november 2019.
Fergene MF Årdal og MF Lærdal skal bygges om ved Fiskerstrand Verft AS på Sula, mens MF Storfjord og MF Julsund skal bygges om ved Baatbygg AS på Raudeberg.

60-70 millionar

Fjord 1-sjef Dagfinn Neteland anslo i fjor haust at ombygginga av ferjen ville koste reiarlaget 60-90 millionar kroner pr. ferje og var forundra over det han opplevde somk laber interesse frå norske verft.

Han varsla ei bølgje av ombyggingar framover.
- Det kjem fleire hos oss, og konkurrentane kjem også, seier Neteland.

Publisert: 18.02.2019 17:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31